– Det seier seg sjølv at fylkeskommunen ikkje kan få betalt av staten for å ha gratis ferjer, samtidig som fylkeskommunen pålegg folk og næringsliv å betale for dei same reisene som staten allereie har teke rekninga for, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande til Romsdals Budstikke.

I jakta på å skaffe nye inntekter har fylkespolitikarane i Møre og Romsdal vurdert å krevje betalt frå køyretøy på gratisferjesambanda frå nyttår. På andre ferjesamband har dei vurdert å auke takstane éi takstsone.

Rogaland fylkeskommune har allereie vedteke å krevje betalt for å bruke gratisferjene, og statsråden har varsla fylkespolitikarane der om at staten vil trekke tilbake støtta dersom fylkeskommunen innfører betaling.

– Vi følgjer nøye med på kva som skjer i Rogaland. Fylkeskommunen er takststyresmakt. Slepp Rogaland å bli trekt i statsstøtte til ferjene, vil vi nok følgje etter og innføre betaling på gratisferjene og auke taksten på andre ferjesamband, seier fylkesordførar Anders Riise (H) til avisa.

Men kommunal- og distriktsministeren peikar på at gratis ferjer har vore ei viktig satsing for Senterpartiet og Ap-regjeringa og at det er ei viktig ordning for folk og næringsliv langs kysten.

– Førebels er det berre Høgre, Frp, KrF og Venstre i Rogaland som nektar å lytte til folk og næringslivet langs kysten. Vi har tru på at også dei no snart skal ta til fornuft. Det same prinsippet vil sjølvsagt bli lagt til grunn for alle fylkeskommunane, skriv Sande i ein e-post til Romsdals Budstikke. Han ser ikkje bort frå at pengane til gratisferjene kan bli øyremerkte i statsbudsjettet for 2025.,

(©NPK)