Dette er altså bakteppet det nyvalde kommunestyret fekk i fanget. Ein økonomi som viser minus. Det er viktig å ha ein sunn og god diskusjon i heile samfunnet om kommuneøkonomi.

Hovudgrunnen til at 2023 vart eit underskottsår for Austevoll er at ein bommar på skatten og skrudde opp skatteanslaget langt utover det både finansdepartement og KS sine prognosar la opp til. Rådmannen skreiv dette i sitt budsjettframlegg: I budsjettet er det gjort ei totalvurdering der me landar på at skatt og rammetilskot endar på kr 448 mill i 2023. Rådmannen vurderer dette som eit anslag i det øvre sjikt av eit forsvarleg nivå, men det er forankra i prognosar og justert for lokale tilhøve.

Fasiten viser dessverre at kommunen fekk inn 20,9 mill mindre i skatt enn dette optimistiske anslaget. Dermed enda rekneskapet med negativt resultat også kalt underskott og kommunen tærer då på reservefondet / sparegrisen sin.

Heile havbruksfondet som har vært brukt fram til 2021 til å bygge opp eit reservefond gjekk i drift. Det er alarmerande at 15,2 i havbrukspengar og i tillegg større skatteinntekter enn gjennomsnittskommunar likevel skal bety underskott for kommunen. Dette viser oss at det nye kommunestyret hadde rett og var ansvarleg i budsjettet for 2024 då ein trykte på bremsen. Truleg må bremsepedalen brukast meir aktivt framover for å sikre at drifta blir berekraftig og kommunen setjer tæring etter næring.

Spesielt er det viktig i 2024 då stortinget skal behandle framlegg til nytt inntektsystem. Alt tyder på at kommunar som Austevoll vil få mindre å rutte med at Sp / Ap regjeringa framover. Svaret på det får me i juni.

Skal me ha økonomi til å levere framleis gode tenester til austevollingane trengs det ansvarleg økonomisk styring av kommunen. Rentekostnadene stig og gjelda har aldri vore høgare. Derfor er det svært viktig å helde igjen så godt man kan. Av hensyn til austevollingane som trenger ein kommune som har orden i økonomien.