Ja, det er Ap som styrer samferdslepolitikken, men i Vestland er det tydeleg at det er SP som har makta. Og i denne saka her den makta har vorte ei giftpille for Austevoll. I framlegget til NTP valde ein «liv og helse først». Og det var kanskje det samferdsleministeren trudde han gjorde (det kjem eg tilbake til).

Dei færraste vil bry seg stort om verken NTP eller Hordfast. Det er uhåndgripelige og det ligg langt der framme i tid vil mange meina. Men det er ikkje slik. Slik tenkjer ein absolutt ikkje lenger innover i fylket der dei driv politikk 24/7, og planlegg strategiar og kampar om prioriteringar som me her ute av heilt naturlege grunnar er dømt til å tapa. Faktum er at dette berører oss allereie og har gjort det lenge.

Mange vil hugsa frustrasjonen frå Tore Hufthammer om tomme ferjer innover i fylket som durar og går mest utan reisande. Og snøggbåttilbod som austevollingane kan drøyma om. Om billeg midlertidig oljegrus som no har lagt i 28 år og som i ny og ne får skifta ut ein halv kvadratmeter gamal oljegrus med ny asfalt. Det er politikk. Det er nokon som bestemmer at slik skal det vera og i det rommet er ikkje Austevoll særleg godt representert.

På same måten har ei stor interessegruppe greidd å overtyda folk om at vegen mellom Voss og Bergen er Norges farlegaste veg. Ved å kåra vegen til Norges dårlegaste veg. Det er ein enorm, stor bløff.  Ein har lagt vekk statistikk og fakta og skapt ei stemningsbølge og eit inntrykk som endåtil samferdsleministeren har late seg lura trill rundt av, når han faktisk argumenterer med slagordet «Liv og helse først». Det er rein propaganda og det er direkte feil-informasjon, men dette er òg ein del av den politikken som føregår lenger inne i fylket 24/7, og det har direkte innverknad på oss her ute som trur at våre interesserer vert ivaretekne. Det vert dei ikkje.

Sanninga er at Vossavegen er ein av dei beste vegane me har i Bergensområdet og at han har vore og er under kontinuerleg ombygging og forbetring  i seinare åra. Vegen er i statistikk på  51. plass når det gjeld ulykkesbelasta vegar i Norge. Og det har aldri gått liv ved ras langs den vegen. Heldigvis. Men det er det stikk motsette inntrykket folk sit att med. E39 som skulle  knytast til Hordfast av bl.a trafikksikkerheitsomsyn er meir enn dobbelt så ulykkesbelasta som Bergen-Voss (51 mot 23 personar har mista livet langs desse vegane). Seinast sist veke var det tre alvorlege tilfelle langs E.39. Det er mest som ein burde krevja revurdert heile framlegget til NTP med bakgrunn i at det byggjer på feil faktagrunnlag. Trafikksikkerheitssituasjonen knytt til køyremønster i samband med ferjeavgangar var eit viktig tema då Hordfast vart planlagd. Det er no bytt ut med enda ein ny fin veg til Voss.

Det er ikkje mindre enn eit hån mot folk langs kysten når  ein i tillegg slit frå dag til dag med å bemanne ferjene, og samferdsleministeren bør revurdera utsegnet sitt eller så må han kalla ein spade for ein spade og seia at dette er reint stemmefiske, og då betyr tydelegvis liv og helse i realiteten svært lite i denne samanhengen.

Så kva har dette med at underteikna no har meldt seg ut av Senterpartiet å gjera?

Fordi at eg har vore oppteken av distriktspolitikk så lenge eg har sysla med politikk og distriktspolitikk har svært mykje med samferdsle å gjera. Når regjeringa prioriterer slik dei gjer så er det ei prioritering for å tekkast område der veljarane til Senterpartiet bur og dei ofrar heile kysten og vår kommune Austevoll i dette politiske maktspelet. Det kan ikkje eg lengre vere med og støtte. Difor har eg meldt meg ut av Senterpartiet. Ikkje som ein protest, med for å finna ein plattform å jobba frå for politikk eg trur på og kan stå inne for.

Eg har fått velmeinte råd om kva parti eg bør velgje å gå til og det har vore mange avvegingar som har spela inn og til sjuande og sist og valet har falt på at eg kjem til å melda meg inn i Framstegspartiet. Det kunne eg grunngjeve side opp og ned. Men dette innlegget understrekar ein av mange årsaker.

Eg ynskjer å gje mitt smålåtne bidrag til landet skal få eit maktskifte om halvanna år og å få Austevoll representert i ei ny regjering. Det er godt innafor rekkevidde og det vert heilt nødvendig.