Det er altfor lenge sidan Harald Østervold har vore på «hytta». Ja, den på Gran Canaria. Pandemien gjer jo sitt til den slags. Der trivst han minst like godt som i sjettehøgda i Storebø bryggje, der han kan fylgja med på båtane og skipa i leia, eller gå ut i vinterhagen og ta seg ein blås. Det var andre tider då han byrja som fiskar, om bord i «Verdi» hos Alf Birkeland.

– Kvar tid hadde jo sin sjarm. Til å byrja med budde me tolv–tretten fiskarar saman i bakken, og når det var mat kom stuerten fram med maten. Me sov og åt saman, mimrar veteranen.

På 1950-talet nytta fiskebåtane våre enno doryar, lettbåtar, for å setja nóta. Dei hang i davitar på kvar side av styrhuset, og kunne vera utfordrande å få på sjøen – eller til og med spela inn på båtane sin stabilitet.

– Eg skulle eigentleg ta fatt på styrmannsskulen, men då doktor Moe testa fargesynet mitt, ha han at det kunne eg berre gløyma. Eg var det han kalla fargesvak, seier Harald. Typisk nok tok han det på strak arm, sjølv om den einaste andre i familien han veit om med stein i skoen i fargesynet var morfar Tore frå Økland-slekta. Det var jo berre å bli bas i staden for skipper.

– Den gongen var basen nesten alfa-omega om bord.

Harald er yngre enn brørne Tor og Olav H. Østervold, men har sigla saman med begge brørne. Så fortel han om den fyrste «Eldjarn», døypt etter holmen nord ved Sandtorv, og byrjande loddefiske og islandsfiske.

– Eg likte Island godt, men me fiska med nót, aldri med garn, seier han og let det skina gjennom at garnfiskeria godt kunne ha gravert inn eit anna minne.

Harald har flytta frå Loddefeltet på Austevollshella til Storebø bryggje, der han trivst med prima utsikt. Foto: Trond Hagenes

Ikkje alternativ

Då Harald heiv seg om bord i fiskebåten, falt det nokolunde saman med kollapsen i sildebestandane. Han fortel at det vart fiska på småsilda òg, i ei førestilling om at silda var ein ressurs som aldri kunne ta slutt.

– Me fiska opp den store, og så var det ikkje småsild å ta over. Det tok veldig lang tid før bestanden tok seg opp att, slår han fast.

Med slutten på silda kom òg ei innskrumping av aktive fiskarar og fartøy. Folketalet i gamle Austevoll gjekk ein veg, og kommunekassen var botnskrapt. Fiskarar vart sette til å byggja veg, og einskilde som hugsar stoda, snakkar beint fram om fattigdom.

– På Karmøy fekk dei Hydro, mange andre stadar fekk alternative næringar. For oss var det berre fiske, me hadde ikkje noko anna val, seier Harald. Han understrekar likevel at han synest dei klarte seg greitt.

Å gå i bedehuset og be til vår herre om betre tider, var kanskje ikkje greia for Harald. Han minnast at dei klarte seg godt med lodda. Så kom kraftblokka frå Canada via Island òg til Austevoll. For ein bas vart kvardagen revolusjonert, og han kunne letta vinka farvel til doryane.

– Sjølv var eg med på at ein brottsjø slo i sida på doryen eg var om bord i. Det gjekk greitt den gongen, og Oddvar Sætre frå Molde erstatta dei øydelagde spanta medan me sigla. Ein flink mann.

Betre utstyr gav òg nye jaktmarker for fiskebåten.

– Makrellen var ein mykje tyngre fisk. Med kraftblokka, kunne me brått dra ut i Nordsjøen og fanga han.

Sjølv om ein for lengst hadde fått ekkolodd og sonar om bord i båtane, hugsar han godt då Alfred Birkeland ein gong brukte lodd med ståltråd for å avgjera kor tett dotten var.

– Er det det sild, går det greitt. Er det makrell, så ... sa han.

Giss om dei sprengde nòta?

Loddet var i retteleg gamledagar ein av fiskefinnarane i flåten. Med røynd handlag kunne ein bestemma kor tett silda symte i dotten. Sjølv er Harald for ung til at dette var eit naudsynt verktøy for å avgjera kor fisken var, eller mengdene av det som kava nede i havet.

Doryane måtte til før kraftblokka si tid. Eit fiskeri som var meir krevjande. Foto: Privat.

Fiskebåt etter fiskebåt

«Eldjarn» og «H. Østervold» har vore namna som du fyrst og fremst vil assosiera med den solbrune basen med den vaksne stemma. Dei har hatt mange gjennom tida, frå den fyrste nedribba kvalbåten. Desse var billege i innkjøp og gjorde nytta i mange år. Heilt andre historier når dei skulle byggja frå botnen av, og satsa på fabrikk om bord i 1987.

– Nei, det vart ingen suksess for oss, heller. Det var ikkje noko som fungerte, smiler Harald igjen. Han konstaterer at desse båtane, for dei var ikkje einaste reiarlaget som satsa på fabrikk, for lengst er sigla inn i spikaren sitt rike.

Med eit par mannsaldrar om bord i fiskebåtar, ser Harald meg i augo og konstaterer at han knapt har vore redd i møtet med havet. Trass turar med søkklasta båtar, kolmuleoppdrag på Pinebenken, altså Porcupinebanken, og ein ekkel bråttsjø innanfor Grip då mannskapet sat og åt. Det er tidevasstraumane mellom Orknøyane og Skottland i kombinasjon med stygt vêr som er det verste.

– Jau, du har vel sett filmen av gamle «Hundvåkøy» i Pentland Firth? Det var her eg òg kom nærast å kjenna redsle. Me hadde heldigvis ein stor båt på den tida, som me hadde kjøpt «M. Ytterstad». Det er eg glad for ... Pentland er ein skikkeleg dritplass.

Ising på loddefisket. Foto: Privat.

Aldri uinteressant

Harald har på sett og vis gått i land frå fiskebåten, mest av alt fordi ryggen skapte seg skikkeleg vrang. Noko forkalkingar gjorde sterke smertestillande naudsynt, men operasjon har fiksa ugreia.

– Eg håpar å få vera med nokre turar enno – men då som turist, påstår han.

Han fortel om andre episodar, om kulturen i austevollflåten. At alle hjelper alle, og gjev bort løyndomane sine.

– Eg er slett ikkje sikker på om det var sant, sjølv om eg òg har lest det. I våre dagar er det uansett ikkje mogleg å stikka deg bort, alle ser kor du er på AIS-en. Ja, du veit vel kva det er? spør han.

Sjølv hadde han eit godt lag med Henry Kolbeinshavn. Dei to basane hadde utvikla noko som nærast var eit stammespråk og nytta sine eigne kanalar for å utveksla opplysningar.

– Henryen var, slik eg ser det, den fremste fiskaren i Noreg i heile etterkrigstida, seier Harald. Den no avdøydde meisteren var ein tolmodig kar, som bokstaveleg tala våga å gå sine eigne vegar. Massevis av røynsle kunne kan ausa av for å finna den sølvet der nede.

Harald sprekk opp i eit stort smil, og det glimtar i augekroken.

– Ei av dei kjekkaste opplevingane mine på sjøen, var då Henryen hadde funne hestmakrell og gav oss posisjonen. Me kom akkurat då han var ferdig lasta, og fekk kasta på han.

Likevel er det kolmula som får fram stjernene i augo til veteranen. Å fylla trålen på eit blunk er spanande. Då den nest siste «Håd’n» kom fersk frå verftet i 2003, var det enno fritt fiske på kolmula. Den neste vinteren var dei den beste båten på ‘mulo.

– Det skulle berre mangla. Me hadde trass alt ny båt tilpassa fiskeriet, det var slik det skulle vera, seier Harald. Reiarlaget deira har elles ikkje satsa på å strukturera seg opp, og ligg med 618 i basistonn enno. Den vinsten kan dei vonleg innkassera når strukturkvotene til sjuande og sist går attende til gruppa.

– Fiskeri vert aldri uinteressant, sjølv kunne eg ikkje drøymt om ein betre arbeidsplass, strålar Harald, som har gjeve stafettpinnen vidare til barn og barnebarn.

Handbak med storebror Tor Østervold. Her lys konkurranseinstinktet frå veslebror.