Stor framgang for Arne og Britt Kathrine

 Nyhende  Innspel avslått på Stor framgang for Arne og Britt Kathrine
feb 232017
 

Arne Møgster saman med konsernøkonomisjef Britt Kathrine Drivenes.

Med Lerøy Seafood Group som lokomotiv, tener Austevoll Seafood gode pengar på at sjømat vert etterspurd i verdsmarknaden. Driftsresultatet for fjoråret var på 2,912 milliardar kroner.

Les heile saka i Marsteinen. Avisa kan kjøpast her.

Haugland tenkjer nytt

 Nyhende  Innspel avslått på Haugland tenkjer nytt
feb 232017
 

”Kirsti H” er eit nytt arbeidsverktøy for Hauglandgruppen, som er eigd av familien Kjell og Kirsti Haugland med søner.

”Kirsti H” heiter Hauglandgruppen sin nye brønnbåt. Med ti konsesjonar frå Sletto i sør til Solund i nord, skaffar selskapet seg ekstra kapasitet til å behandla eigen fisk mot lus og andre sjukdomar på ein ekstra berekraftig måte.

Grand old Gudrun

 Nyhende  Innspel avslått på Grand old Gudrun
feb 232017
 

Familieveggen med stor F. Når eg tek fram kamera, er Gudgrun rask med å plukka fram eit foto av Ole, den gode naboguten som vart ektemannen hennar. Han døydde for ti år sidan. (Tekst og foto: May Linn Clement)

Ho er kanskje gamal, men ikkje så gamal at ho spring til vindauget berre ho høyrer nokon køyra forbi. Continue reading »

Finsliper musikalen

 Nyhende  Innspel avslått på Finsliper musikalen
feb 232017
 

Hovudrollene: Marcelo (Andreas Heimark), Lafayette (Inge Andreas Halstensen), Bonnie De la Costa (Thea Nordbak Gloppen) og Mathilda (Sofie B. Horgen).

Det vert drama, piratar og mafia når ungdomsskulen laddar musikalkanonen sin. Som vanleg er lærar Astrid F. Heggland hjernen bak musikk og tekst, men på scena er det elevane som herjar.

Bli med musikalgjengen på øving i Marsteinen i dag. Avisa kan kjøpast her.

Glitrande skuleball

 Nyhende  Innspel avslått på Glitrande skuleball
feb 232017
 

Petri Haukanes, Ida Medle og Mathilde Semb held Sindre Lund-Sivertsen. (Fotografmeister Eric Clement)

– Det beste med skuleballet er at elevane trør litt ut av komfortsona si, og at heile skulen vert ein stor vennegjeng, seier Sara Njåstad (16).

Sjå bileta frå ungdomsskuleelevane sitt årlege ball i Marsteinen. Avisa kan du kjøpa her.

Frå Vikings til Hengjo

 Nyhende  Innspel avslått på Frå Vikings til Hengjo
feb 172017
 

Ivar Bjørnson og Einar Selvik er komponistane som tek med seg tingingsverket Hugsjá til Hengjo på forsommaren. Foto: Ester Segarra

Einar Selvik frå Wardruna har skrive musikk til Vikings-serien saman med Ivar Bjørnson frå Enslaved. I juni ventar konsert av tingingsverket Hugsjá i sjølvaste Hengjo.

 

Continue reading »

Epistelgjerningane: Epilog til mor

 Nyhende  Innspel avslått på Epistelgjerningane: Epilog til mor
feb 162017
 

Mor likar spesielt godt å få servert kaffi i desse Mummi-koppane som har lurt seg inn i dei fleste kjøkenskap. Difor tenkjer eg at gravstøtta hennar må sjå om lag slik ut. Tekst/foto: May Linn Clement.

Etter stormen av attendemeldingar på Epistelgjerningen førre veke, som handla om mor mi sine Facebook-vanar og teknologiske ferdigheitar, har eg bestemt meg for å skriva meir om kvinna i mitt liv. Continue reading »

Namna aviser seinka

 Nyhende  Innspel avslått på Namna aviser seinka
feb 162017
 

99 aviser med påtrykt namn og adresse til abonnentar i Austevoll er vorten sende feil i postdistribusjonen. Avisene hamna samla på Tysnes i dag, men vil vera på veg ut til abonnentane i morgon.

Feilen skal ikkje ramma abonnentar med gult M-klistremerke på postkassen.

Revy, lissom

 Nyhende  Innspel avslått på Revy, lissom
feb 162017
 

Det er ei skamsk kjensle over plakaten og pressefotoet til Kolbeinsvikrevyen i år. Om Eline Møgster, Veronika Møgster, Trine Møgster, Mona Hausberg, Lone Møgster, Sølvi Hausberg og Dorthea Møgster her skal på fest med Penetrators-gutta eller revykollegaane Sigve og Rune Drønen, skal vera uvisst. Fotoet er levert av revygruppa sjølve.

Dei held korta tett til brystet, eller rettare sagt; Manus og køyreplan ligg ikkje og sleng.
– Ingen får sjå sketsjane våre før generalprøven dagen før det brakar laus, seier damene frå Kolbeinsvikrevyen. Continue reading »