Skjermbilde 2023-03-21 kl. 11.45.39

Journalist, 100% fast stilling

Interessert i menneske, engasjert i samfunn og arbeidsliv?
Lokalavisa i Austevoll styrkjer redaksjonen, og søkjer etter deg som er klar for å bretta opp erma og bidra til den digitale pulsen i lokalsamfunnet.

Marsteinen søkjer journalist i 100% fast stilling.
Ledig frå 1. juli 2023 evnt oppstart etter avtale

Kvalifikasjonar
Journalistikk-utdanning, bachelorgrad i samfunnsvitskap eller språk, lærarhøgskule e.l.

Du vil få ei sjølvstendig rolle med stort rom for å ta initiativ og setja agenda i lokalmiljøet.
Me ser etter deg som har lyst til å få fram dei gode historiene om folk og næringsliv i øyriket vårt.

Marsteinen er i ferd med å innføra nye digitale verktøy som vil gjera det daglege arbeidet endå meir inspirerande. Sjølv om du vil jobba med allroundsaker, skal Marsteinen dyrka fiskeri, havbruk og anna nærings- og arbeidsliv sterkare på nett og i papiravisa.

Spørsmål om stillinga kan stillast til redaktør Trond Hagenes på Mob 98874253
Eller rettast på e-post trond.hagenes@marsteinen.no
Søknad, CV med referansar og eventuelle arbeidsprøvar vert å senda e-posten ovanfor innan 11. april 2023.

Om Austevoll
Havet har forma austevollingen og næringsvegane våre. Ein prosent av verdas fiskefangstar vert halt inn av eit austevollsk fartøy, men næringslivet er dynamisk òg innanfor sektorar som shipping, havbruk og reiseliv. Med 667 øyar, holmar og skjer, haug og hammar som innbyr til friluftsliv, ein rekkje fotballbanar, to idrettshallar og eit oppegåande kulturliv utanom, er det eit samfunn å verta glad i. Og så har me ikkje byrja på austevollingen sjølv, og den blå klynga som bitt oss saman.

Marsteinen
har fått namn etter innseglingsmerket og fyrholmen ytst i Krossfjorden. Øyriket Austevoll ligg 35 minutt med ferje unna Bergen, og avisa dekkjer ein kommune med 5 300 innbyggjarar. Etter tilsetting vil me vera tre medarbeidarar i redaksjonen og vera seks tilsette til saman. Avisa er eigd av Polaris Media, og held til i nyoppussa lokale i kommunesenteret Storebø. Publisering er dagleg på nett og torsdagar på papir.