Aufguss-meister Erlend Reiersen svingar handkleet for begeistra deltakarar på aufgus-ritual i Austevollbadet.
Aufguss-meister Erlend Reiersen svingar handkleet for begeistra deltakarar på aufgus-ritual i Austevollbadet.

Strålte etter badstoveseanse

Marta Aud Troland (89) var ein av dei mange som gjekk oppglødde heim frå Austevollbadet på laurdag.

– Heilt fantastisk, seier ho om Aufguss-ritualet ho fekk vera med på.

Eg kjem i hug at eg som barn spurde mi farmor om kva ein sauna var for noko. «Sauna?» spurde ho oppatt. «Jau, det er fleire smalar det!».

Men no veit eg kva ein sauna er – trudde eg. Det var før eg var på Austevollbadet på laurdag og fekk vera med på fenomenet Aufguss med saunameister Erlend Reiersen (42).

Sauna-show

– Aufguss er å ta sauna til nye høgder, seier Reiersen.

Han har vore badstovemeister i åtte år. I helga var han i Austevoll for å spreia den glade bodskapen om Aufguss. Meisteren gjer seg klar til eit nytt rituale og finn fram snøballar frå frysaren. Me finn tid til ein liten prat før seansen i den nye saunaen i Austevollbadet.

– Kva er Aufguss?

– Aufguss kjem frå tysk, og tydar «å helle på». I ein Aufguss legg saunameisteren snøballar tilsatt eteriske oljer på badstoveomnen og heller vatn over. Dette fordampar ut i saunaen og aukar luftfukta og temperaturen. Denne gangen skal eg byrja med bergamottolje, så mentol og til slutt skal du få oppleva ein av dei dyraste oljane i verda, som er rose. Ein liten flakong kostar meir enn 50 euro, fortel han.

Ein nyttar det tyske ordet Aufguss over heile verda, og rett omsetting er vel «avkok» eller «infusjon». Heile seansen varar som regel rundt 15 minutt.

– Eg heller vatn på først, for å ikkje brenna oljen, forklarer meister Reiersen.

Marta Aud Troland kjem gjerne attende til ny Aufguss på Austevollbadet.

Tevlingar på høgt nivå

– Er det noko religiøst over det, sidan det kallast for eit ritual?

– Nei, det er ikkje noko religiøst over det. Det er meir ei oppleving eller eit show, nesten som ein sport. Det er både norgesmeisterskap og verdsmeisterskap i Aufguss. I slutten av april er det NM på Farris Bad, og då skal eg vera med, seier Reiersen.

– Korleis vinn ein tevlinga?

– Juryen, som er internasjonal frå mellom anna Sveits, Italia, Tyskland og Danmark, vurderer korleis du fordeler lufta i saunaen, forteljinga du fortel, musikken, oljen og lukta, korleis alt høyrer saman.

Fortel ei historie

– Er det ei forteljing?

– Ja, det er ei visuell forteljing. Ikkje med ord, men dommarane ser på korleis du visuelt «fortel» til kundane. Under NM er det store saunaer med 80–90 personar til stades samstundes, og dei heiar på deg. Me er som ein liten familie som er i ferd med å bli større og større. Kostymet er viktig. Det kan vera alt frå eit enkelt lendeklede, til militæruniform, astronaut, brannkonstabel!

– Så det er mykje humor?

– Ja, show og humor er viktig. Ein av dei beste i Noreg, Jérôme Richter, vann tevlinga som Jack Sparrow frå «Pirates of the Caribbean», der han sjangla rundt i badstova i full Sparrow-mundur, ler Reiersen.

Her har du snøballar til over 50 euro, og dei er verdt det.

Heilt Hawaii 

Saman med dei andre som skal vera med stiller eg meg opp utanfor saunaen. Meisteren tek ordet. Me får høyra at det vil bli skikkeleg heitt der inne, og at det er lov å gå ut. Men då får me ikkje koma inn att, for det kan forstyrra ritualet. Han fortel om dei tre urtene som skal nyttast, om musikken som er Hawaii-inspirert.

– Nyt musikken, nyt oljene og nyt varmen! Eg flyttar oljemolekyla rundt i lufta med handkle og vifta og eg håpar de har ein fantastisk oppleving, seier Reiersen og set på musikken.

Vatnet ausast over omnen og dei fyrste snøballane med bergamottolje vert lagt på. Handkleet vert snurra med stor dugleik over hovudet på meisteren der han dansar lett framfor benkane. Duftene er oppfriskande og avslappande, og gjestane let att auga og duvar til musikken.

Det er stil over ausinga i Aufguss

Sveitten pipla

Det vert varmare og varmare. Etter nokre minutt er det mentololjen sin tur. Nye snøballar vert lagde på omnen. Det klarnar til i lungene og i hovudet, og det kjennest ikkje så varmt lenger. Til slutt er det den dyraste olje sin tur, roseoljen. No har Reiersen bytta ut handkledet med ei orientalsk vifte. Han tek seg god tid med kvar og ein av gjestane, og ingen av dei dyrebare rosemolekyla går til spille.

Marsteinen sin utsende medarbeidar kan ikkje snakka for alle dei andre, men dette var artig og gjorde godt. Det syntest Marta Aud Troland òg. Ho er glad i å symja og å ta badstove etterpå.

– Nei, dette var stas! Det var så morosamt og godt, ja heilt fantastisk å få vera med på. Dette var svære greier, seier Troland.

Mette Storebø, dagleg leiar i Austevollbadet, er kjempenøgd:

– No har fire av våre tilsette kursa seg med Erlend Reiersen. Dei øver seg på å svinga handkleet slik at dei om ikkje lenge kan køyra eigne Aufguss-ritual.