Fungerande politifyrstebetjent Truls Jørgen Gunntveit kan konstatera at det siste biltjuveriet i Austevoll er oppklara. Ein mannsperson er pågripen torsdagskveld etter at han vart funnen i den stolne Volvoen til Peder Heine Røstøen.
Røstøen fortalde tidlegare torsdag om at bilen hans var sporlaust borte. Då han skulle låsa for natta i går var bilen borte, men han venta ei stund med å ringja politiet, til han hadde sjekka at barna hans ikkje hadde lånt køyretøyet.
– Bilen, ein Volvo XC90 frå 2006, stod parkert like utanfor inngangsdøra mi, seier Røstøen til lokalavisa. Han var raskt ute og sjekka passeringar med Autopass, og fann ut at bilen hans rett og slett hadde køyrt rett inn på siste ferja til fastlandet onsdagskvelden.
– Eg har hatt kontakt med mannskapet på ferja, som hadde observert føraren, ein ungdom, seier Røstøen til Marsteinen like etter at han har meldt tjuveriet til Politiet.
Det lokale politiet er særs interessert i observasjonar som kan knytast til biltjuveria denne veka.
Tre saker i samanheng
Fungerande politifyrstebetjent Truls Jørgen Gunntveit konstaterer at det ser ut som eitt køyretøy har forsvunne måndag, eit nytt tysdag før det tredje vart rappa onsdag.
– Me ser dei tre sakene i samanheng. Alle er tekne heime på tuna til folk, og det er eit gjennomgåande tema at nøklane kan ha stått i tenningane, seier Gunntveit til Marsteinen. Det eine køyretøyet er kome til rette etter ei trafikkulukke i Fyllingsdalen.
– Føraren stakk frå staden etter ulukka, seier Gunntveit til lokalavisa. Den andre køyretøyet vart funne att ved Hufthamar ferjekai, der politiet har sikra seg tekniske prov og nokre taktiske funn som er av interesse.
Politifyrstebetjenten oppfordrar sjølvsagt øyfolket om å låsa bilane sine, men politiet er òg særleg på jakt etter observasjonar av menneske som har luska rundt bilar og tun dei siste dagane.
– Dette er tips me gjerne vil få inn, poengterer Gunntveit. Politiet ser så langt ikkje desse tjuveria i samanheng med hendingar i fjor haust, då fleire køyretøy vart stolne frå parkeringsplassen ved Hufthamar ferjekai. I desse tilfella vart bilane køyrde, ofte skadde, og parkerte attende. Ved eit tilfelle køyrde føraren av den stolne bilen i ein mur nær Husavik.