Marion Hagen Ellingsen og Indie Teien Stangeland spela dobbel saman for fyrste gong.
Marion Hagen Ellingsen og Indie Teien Stangeland spela dobbel saman for fyrste gong.

Pressemelding frå AIK, badmintongruppa:

Austevollingar i historisk stor badmintonturnering

Heile 24 austevollingar reiste til Sotra i helga for å spela i den største turneringa i badminton for barn og unge arrangert i Noreg nokon gong, Norway Open. Det gav tre lange dagar med kampar som gjekk slag i slag, intense ballvekslingar og nye mål å strekkja seg etter.

Til dagleg trenar dei i Austevollshallen, men denne helga reiste ein heil delegasjon badmintonspelande austevollingar i alderen ni til 19 år til Sotra for å delta i Norway Open. Helga byrja med singelkampar der både nye og meir røynde spelarar stilte til start. Marion Hagen Ellingsen  og Tuva Kolbeinsvik Nordeide deltok i si fyrste turnering og var spente. Då var det godt at dei skulle spela mot og med lagvenninne Indie Teien Stangeland, som kunne hjelpa dei litt med alt det nye. Rettleiing, tips og skryt fekk dei òg av trenar Anita Aasebø.

– Dei lærer så mykje av å vera med på turneringar. Det er så gøy å sjå utviklinga deira, ikkje berre frå kamp til kamp, men òg frå sett til sett, skrøyt ho stolt.

Turneringa, som vart historisk med 358 påmeldte deltakarar, var så stor at ho gjekk før seg både i Sotra Arena og Bildøyhallen, der det på det meste vart avvikla 26 kampar samstundes. Med mange kampar og austevollingar i aksjon på same tid hadde Anita Aasebø fått med seg Vilde Aasebø og Julie Albrektsen (19) i på sidelinja. Tidvis i kvar sin hall, gav dei støtte og oppmuntring til dei fire gutane og 20 jentene i troppen sin.

– Det var så gøy å følga opp spelarane våre, då særleg dei nye som ikkje har vore med før, smilte Julie. For tida tek ho trenarkurs og har ambisjonar om å bli ein meir permanent del av klubben sitt trenarteam på sikt, noko Anita synest er stas og gull verdt for badmintonmiljøet på øyane våre.

I tillegg til å vera med som trenar, deltok Julie sjølv i turneringa. Saman med Astrid Salthella, var ho ein av austevollingane med flest turneringar på rullebladet. Denne helga spela dei både kampar kvar for seg, men òg saman i dobbel etter gamalt. Om det vart siger eller tap var ho ikkje så oppteken av.

– Det å få vera med og tevla var berre så gøy! Det var kjekt å få spela mot andre enn dei me vanlegvis møter, sa Julie og kommenterte vidare at ho merka godt at dette var ei rekordstor turnering med deltakarar fordelt på heile 38 klubbar frå Kirkenes i nord til Kristiansand i sør.

Marion Hagen Ellingsen, Indie Teien Stangeland og Tuva Kolbeinsvik Nordeide synest det var kjekt å spela i ei så stor turnering.

Medaljar og meirsmak

Det gjekk i forhand, backhand, serve, smash og dipp. Nokre kampar gjekk raskt unna, medan andre vart thrillarar til siste poeng. Særs intenst vart det i U15 damedobbel, der det var så tett i toppen at innbyrdes poeng vart avgjerande. Viktorija Reke og debutant Emma Østervold Skår Sjursen, storspela og sikra seg til slutt eit imponerande sølv. Medaljar vart det òg til Melissa Bjorøy Aspevik og Ingrid Kalve, som tok delt bronse i singel U15. Helga vart ei stor oppleving for fleire av dei unge spelarane frå øya i havgapet.

– Det var veldig gøy og spanande å spela. Eg fekk lyst til å gå heim og trena endå meir for å bli flinkare til neste turnering, sa Linnea Leuba Ludvigsen ivrig . Ho var den frå Austevoll som spela flest kampar i helga med kampar både i singel, mix saman med Max Dylan Jones Storebø og dobbel med Eila Magnussen Haukanes. Det travle programmet la ingen dempar på humøret, heller tvert om. Med seg frå helga hadde ei glad og nøgd Linnea minne for livet og nye mål å strekkja seg etter. Meirsmak gav turneringa òg for Benjamin Drønen Haugland og Jakob Kolbeinsvik Nordeide, som straks dei var ferdige med kampane sine byrja nedteljinga til neste turnering.