I Sunnhordland kan det komme vindkast på 35–40 meter per sekund frå nordvest. Vinden aukar først i sør, varslar meteorologane.
Det oransje farevarselet gjeld frå klokka 14 til 19 fredag.
I Agder og delar av Telemark er det venta lokalt svært kraftige vindkast på 25 meter per sekund i indre strøk. På kysten vil det vere vindkast opp mot 40 meter per sekund. farevarselet gjeld frå klokka 14 fredag og til midnatt.
– Fest alle lause gjenstandar, unngå ferdsel på utsette stader, berekn ekstra tid til transport og køyring, og vurder om reisa er nødvendig, skriv meteorologane.
Det kan også vere ein idé å hente ungane tidlegare fredag, før vindauken kjem, seier statsmeteorolog Alexander Skeltved til Bergens Tidende.
– Folk må tenkje seg om, det kan vere ganske skummelt. Dei bør ta omsyn til dette når dei hentar barn i barnehagen eller på skulen, og tenkje over om barn skal gå heim åleine, seier han.
Vidare blir det åtvara om at gjenstandar kan bli tekne av vinden eller blåse over, og det er fare for skade på bygningar og infrastruktur.
Det er forventa både kansellerte avgangar for ferjer, fly og annan transport, og vegar og bruer kan bli stengt. Også straumforsyninga kan bli ramma på grunn av tre som knekk. Høge bølgjer kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona.
Stormen som kjem, rammar også Danmark. Danskane har gitt den namnet Otto.