Christian Strand Halstensen (50) er ny styreleiar i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle.
Christian Strand Halstensen (50) er ny styreleiar i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle.

Strand Halstensen ny styreleiar i Fiskebåt

Christian Strand Halstensen frå Bekkjarvik etterfylgjer Jonny Berfjord som styreleiar i Fiskebåt. Austevollingen er til dagleg leiar for fiskeriselskapa til Halstensen-familien i Bekkjarvik.

50-åringen frå Bekkjarvik tek dermed på seg same vervet faren Inge Halstensen hadde i ei årrekkje tidleg på 2000-talet. Fiskebåt er ein organisasjon som organiserer mange av reiarlaga i havfiskeflåten, men har hatt ei avskaling til Pelagisk forening, som står på ei anna line når det kjem til strukturpolitikk. Det er ei rekke krevjande prosessar som ventar den nye styreleiaren.

– Fiskeflåten står framfor mange store utfordringar. Det blir difor viktig å arbeida for føreseielegheit og stabilitet både i lovgjeving og rammeverk, seier Halstensen i ei pressemelding.

Christian Strand Halstensen tar over leiarvervet etter Jonny Berfjord, som går av etter åtte år som styreleiar i Fiskebåt.

Halstensen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 1999, og har deretter jobba i familiereiarlaget. Halstensen-reiarlaget har fartøy både innan pelagisk- og kvitfisksektoren.

Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon, er ein arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for den havgåande fiskeflåten. Det er rundt 200 medlemsfartøy i organisasjonen, som er ein aktiv pådrivar i politiske prosessar, framgår det av pressemeldinga.