Slik kan eit anlegg i felten sjå ut. Her frå installasjon i Austevoll i fjor. Arkivfoto: Sigve Solbakken.
Slik kan eit anlegg i felten sjå ut. Her frå installasjon i Austevoll i fjor. Arkivfoto: Sigve Solbakken.

Fjord Maritime:

Rekrutterer gjerne austevollingar

Frå ei grundig heimelekse, via eit selskap med tre gründerar er Fjord Maritime i ferd med å ha 50 tilsette på ei dryg handfull år. Frå nyttår symde to nye austevollingar inn til selskapet.

Forretningsidéen er grunnen såre enkel: Sparar oppdrettarane diesel og driftstid på generatorane på oppdrettsflåten, er vinsten både på botnlina deira, miljøet og trivselen til dei som slepp å arbeida i duren frå aggregata. Kanskje naboane til anlegga òg – i alle fall om dei er anna levande enn skarv og gråhegre.

Me er på kaikanten i Åstveit, der Fjord Maritime held hus. Framfor eit enormt banner med firmalogo og den lysande limefarga signaturen deira, RAL 6018 om du vil vita det, forklarar gründerane nøkkelen for veksten.

– Oppdrettarane var opne og let oss sleppa til på anlegga deira. Me gjorde heimeleksa vår, og hadde eit solid produkt å selja då me kom i gang, seier Øyvind Bakke. Nordfjordingen kallar seg sjølv blåruss, og kjende Stig Kalvenes frå Aker Solutions. Stig og dagleg leiar Vidar Rabben er begge austevollingar, som på ulikt vis har røter attende til merdkanten og næringa.

– Me har bakgrunn i oljenæringa, med solid røynsle i prosjektstyring og -gjennomføring. Med oss får du det du tingar, konstaterer Stig. I den spede starten, etter at dei designa produkta sine og skaffa seg dei fyrste kundane, sytte troikaen sjølv for installasjon av batteripakkar og utstyr på anlegga langs Norskekysten. Om nokre månadar kan du om av ulike årsaker finn vegen til eit oppdrettsanlegg i Skottland, Canada eller til og med Chile snubla over dei eirgrøne installasjonane om bord. I dag har dei over 200 anlegg kring i lakseverda.

– Alle installasjonane våre overvakar me 24/7 herfrå. Me samlar dagleg  mellom 1 000 000 og 3 000 000 målepunkt frå kvar av dei, og med software me nyttar optimaliserer me drifta av kvart anlegg, seier karane i leiinga. Ved å vera såpass tidleg ute i eit avgrensa segment har dei skaffa seg eit laksehovuds forsprang på konkurrentane at det godt skal gjera seg å henta att den driftige gjengen som altså har hovudkvarter like ved golfbanen på Åstveit. Ein vakker bit av ein bydel som elles vert assosiert med betong og Ikea.

Vidar Rabben, Stig Kalvenes og Øyvind Bakke i passiar framfor signaturbanneret sitt. Fargevalet er medvite, må vita. No har dei gått frå tre til snart 50 tilsette på ei dryg handfull år.

Nye kostar

Dagleg leiar Vidar Rabben, har mellom anna bakgrunn frå elektrikarfaget og har vore dagleg leiar i Shore Connection i Bekkjarvik både under oppbemanning og då botnen brått fall ut av oljemarknaden, og ringverknadane gjorde at selskapet måtte nedskalera for å kunna overleva.

– Det var ein veldig krevjande periode. Du må fortelja vennar, gamle naboar og kanskje slektningar at dei ikkje har jobb lenger. Samstundes er det litt lettare når krisa gjeld ein heil marknad, enn om det er fordi selskapet du har leia har teke feil vegval eller gjort dårlege investeringar, seier Rabben og er medgjev at desse røynslene er med i vurderingane no som Fjord Maritime tilsett fleire og ekspanderer til nye land og kontinent.

Selskap har avdelingskontor òg i Austevoll. Dei har behov for meir armslag, og flyttar banneret sitt 600 meter til næringsbygget ved bruvegen om nokre veker. Øyfolket står naturleg høgt i kurs hos leiinga i selskapet, og ved nyttår henta dei inn to nye medarbeidarar. Bjørn-Ove Dåvøy til å leia oppdrettssatsinga i Noreg, og Åsmund Aasebø, som trass i å ha bikka 50 år altså var ein attraktiv kandidat for selskapet på IT-feltet.

– Me ser ikkje på alder, men på dei personlege eigenskapane til potensielle tilsette, erfaring og kompetanse, understrekar Vidar Rabben. Det betyr mellom anna at dei tilsette raskt må omfamna grunnverdiane i selskapet, som dei sjølve meiner er gjennomsyra av ein flat struktur og opne dører. Rabben konstaterer at dei både hentar folk gjennom kontaktnettet, men at dei òg lyser ut stillingar og tek den vanlege mølla med søknadslesing, gjennomgang av CVar, referansar og jobbintervju for å sila kandidatar.

Ørjan Drønen Madsen er økonomisjef i selskapet. Selbjørnsmannen har utdanning frå NHH og arbeidsbakgrunn frå oppdrettsgiganten Mowi.

– Eg høyrer til dei som såg annonse og søkte på stillinga. At dei held til eit steinkast frå der eg bur og er eigd austevollingar var eit kjempepluss, smiler talknusaren.

I næringslivssamanheng står øyfolket høgt i kurs, særleg når selskapet er leia av andre karar frå dei 667. Det er kanskje noko som ligg i ryggmargen?

– Me veit jo kva me får med austevollingar. Dei er framoverlente, innovative og ser løysningar, meiner karane i leiinga.

Ørjan Drønen Madsen er økonomisjef i selskapet.

Outsourca produksjon

Fjord Maritime lagar ikkje dei fysiske installasjonane sjølve. Denne delen av verdikjeda har dei outsourca til forskjellige underleverandører, batteriene blir utvikla av eit kanadisk selskap, som produserer i Kina. Når anlegga er ferdige, kjem dei likevel til Åstveit, der dei vert kvalitetssikra før dei dreg ut på ei kortare eller lengre reise ut til ein norsk, skotsk, eller kanskje chilensk eller kanadisk fjord.

– App-utvikling, etterservice og overvaking av alle anlegga me har installert ute hos oppdrettarane skjer herifrå, fortel Vidar medan han finn fram kaffikanna og serverer ein skvett.

Produktet i botn og etterservicen, som mellom anna kan sikra oppdrettaren mot blackouts på flåtane, er utvikla slik at dei kan skalera aktiviteten sin etter etterspurnaden.

– All ekspansjonen og tilsettingane me gjer er bygd på eigen likviditet. Me har ikkje ei krone i gjeld, seier dagleg leiar Rabben om veksten i selskapet.

Berekraft er eit sjølvsagt salsargument i arbeidet Fjord Maritime legg ned. Dei meiner sjølve at omgrepet gjennomsyrer produktportefølgja deira. Marknaden for selskapet, er heller ikkje liten. Mellom 5 000 til 10 000 anlegg på sjø og land kan vera aktuelle for teknologien frå Vestland-selskapet.

– Det er slett ikkje alle stadar ein kan levera nok landstraum, eller ha kvalitet nok på han, heller. Sjølv på landanlegg kan me levera produkt som vil gje meir stabil elektrisitet til anlegget, seier Stig Kalvenes. Det er i hovudsak produsentane bak atlantisk laks og aure Fjord Maritime har fokusert på så langt, men teknologien deira kan òg ettermonterast på servicebåtar, der motorar og hjelpemotorar ofte står på heile dagen, sjølv for å lada ein mobil eller setja kaffitraktaren på.

I staden kan dei lada ved land over natta, komma seg ut til anlegga og gå store delar av dagen utan å bruka dieselmotorane noko særleg. Det gjev sjølvsagte oppsider for båt, mannskap, miljø og selskapa sine lommebøker, meiner leiinga i Fjord Maritime.

Ringverknadar frå oppdrett

Med installasjonane sine kan altså Fjord Maritime nesten over natta hjelpa oppdrettarane til å driva meir økonomisk og miljøvenleg, utan at dei treng å skifta ut eksisterande generatorar. Fjord Maritime er dermed eit av dei mange verksemdene som produserer utstyr og utviklar industrikompetanse, sjølv utan fysisk produksjon i Noreg.

Menon Economics, Nofima og Norce har kartlagt verdiskaping og sysselsettingseffekt frå oppdrettsnåringa på oppdrag fra FHF. Gjennom verdier som sysselsetting, verdiskaping og skatt i egne bedrifter, vert det òg skapt ringverknadar frå kjøp av varer og tenester utenfor verdikjeda òg.

Medan næringa direkte sysselsette 106.000 personar i 2021, eller omrekna til 90.500 heiltidsarbeidsplasser. Det er òg ein monaleg oppgang med 13.000 sysselsette frå året i førevegen. 53 300 sysselsatte arbeider innanfor sjølve sjømatsektoren, inkludert den spesialiserte leverandørnæringa, medan etterspurnaden frå desse verksemdene igjen legg grunnlaget for om lag 52 600 arbeidsplassar i andre næringar, såkalla indirekte sysselsetting.

– Det er slike effektar det ser ut som politikarane i sentrale strøk er blinde for. Tvert om meiner me at heile Noreg bør vera stolte over både oppdretts- og oljenæringa vår, seier Stig Kalvenes og får samtykkjande nikk frå kollegane sine.

Bjørn-Ove Dåvøy, austevolling så god som nokon, er fersk i oppdrettssamanheng, men sal ligg naturleg for den tidlegare daglege leiaren i Shore Connection.

Fekk ansvar

Bjørn-Ove Dåvøy er altså fersking frå nyttår, men kosar seg på eit kontor han nett har flytta inn i. Med seg på laget har han to salskonsulentar og tolv–tretten installatørar. Han vart henta frå Shore Connection, og har såleis arbeidd mykje med ei næring som er gjennomsyra av reguleringar og kravspesifikasjonar – og ikkje minst store, internasjonale konsern, enten det er Exxon, Shell eller Equinor.

– No kjem eg tettare på leiinga i selskapa. Det er mange familieeigde selskap, og sjølv dei store nasjonale selskapa har ein struktur som gjer at du kjem tettare på dei som gjer innkjøpa, meiner Dåvøy og gler seg til å læra oppdrettsnæringa å kjenna.

Med nytt kontor ved Austevoll Bygg kan han etterkvart ta nokre kontordagar med kortare reisetid frå heimen, men i starten er det naturlegvis naudsynt å møta laget og skapa relasjonar i laget som skal erobra endå fleire oppdrettsflåtar, landanlegg og kanskje båtar som vert nytta i tilknyting til anlegga.

– Det gjekk ikkje meir enn to-tre dagar før eg fekk ansvaret og fridom sjølv, strålar den ferske medarbeidaren, som sjølvsagt har firmajakken i RAL 6018 hengjande over kontorstolen sin.