«H. Østervold» og skipper Henrik Østervold braut den smått magiske 100 millionarstreken i omsetting i 2022. Då venta det kake om bord.
«H. Østervold» og skipper Henrik Østervold braut den smått magiske 100 millionarstreken i omsetting i 2022. Då venta det kake om bord.

Omsetting 2022:

Makrell og sild gav gullår

Berre ringnótflåten åleine landa fisk for 1,7 milliardar kroner i 2022. Blant dei som gjorde det skarpast var «H. Østervold», som fekk mykje ut av kvotane sine. Dei runda for fyrste gong 100 millionar kroner.

På Rabben ligg «Hådn» og lastar om bord loddenót og kolmuletrål for å ta fatt på kvotene for 2023. I kjølvatnet har Henrik Østervold og mannskapet om bord eit særs godt fiskeriår.

– Me trefte godt med både makrellen og storsilda. Mellom anna ved at me fiska når dei andre båtane ikkje var på felta eller var aktive, seier den røynde skipperen på «H. Østervold». 100 millionar kroner i leveransar vart feira med kake om bord i båten som har 618 i basiskvote pluss ein kolmulekonsesjon.

Til samanlikning har «Østerbris» maksimalt med kvotar på 850 basistonn og 1,85 kolmulekvote, noko som gav dei 135 millionar kroner i omsetting. «Harvest» er den båten som omsette mest, og er den einaste av dei lokale ringnótarane som òg har pelagisk trålkonsesjon.

Auke i makrellverdien

Marknadssituasjonen for norskfanga makrell vart slett ikkje så ille. Etter Brexit bestemde norske styresmakter seg for at det skulle fangstast 35 prosent av den totalkvota forskarane tilrådde. Samstundes vart det eit sug i marknaden, kan Kenneth Garvik i Noregs sildelagslag fortelja.

– Snittprisen til norske fiskarar vart 12,81 i 2022, mot 10,33 året i førevegen. Dessutan vart september den beste månaden for fisket etter makrell, slår Garvik fast. Normalt sett har norske fiskarar kunna fiska i det som etter Brexit er blitt britisk sone. Etter utmeldinga frå EU kom ikkje Noreg til semje med britane om tilgang til fiskeria.

– Fisken i norsk sone er ofte fiska i beiteperioden, då feittet er enno ikkje har sett seg skikkeleg i kjøtet. Det kan òg vera noko åteproblematikk, seier Garvik.

Flipper er ein del av den større kystflåten, og hadde eit flott fiskeriår i 2022. Fotografiet er teke av Trygve Rabben.

Knester med makrelltrål

Gamle «Steinevik» sine kvotar gjekk inn i «Knester» sine kvotar i mai ’22. Skipper Daniel Stenevik fortel at det berre fiska med den gamle båten på lodda, før dei slo alt saman i nybyggordninga. No kjenner han på at dei har lagt alle egga i ei korg.

– Me hadde ei målsetnad om å komma i land med 90 prosent av makrellkvotane frå begge båtane, og det klarte me akkurat, seier Stenevik til Marsteinen. No siglar gamle «Knester» frå 2007 med namnet «Steinevik» i påvente av nybygget frå Karstensens. Reiarlaget har i det lengste halde på nót som fangsrmiddel, men heiv seg i gang med trål ved eggakanten seinhaustes.

– Den fisken me fanga på hausten var stor og solid, og tolte godt å bli tråla, seier Stenevik, vel vitande om vanskar med tilgang til andre land sine soner, kan pressa på endringar i fiskeria dei driv med.

– Nye utfordringar kan nok setja gamle sanningar under press, seier skipperen. Totalt fiska reiarlaget for 170 millionar kroner.

Kenneth Garvik i sildelaget er særleg nøgd med at fiskeria for kystflåten var god i fjor. Makrellen var mogleg å fanga kystnært. Eit av fartøya som har merka oppgangen er «Flipper» og skipper Jarle Troland Glesnes, som fiska for 24,5 millionar kroner.

– Tala våre viser at det vart eit godt fiskeriår. Me treng likevel å tenkja på å minska utgiftene. Sidan me berre kan lasta 170 tonn i slengen, er det avgjerande at me har kort veg frå felta til mottaka, seier «Flipper»-skipper Troland Glesnes til lokalavisa, som òg har den noko mindre Tempo i flåten sin. Her vart inntektene 1,7 millionar kroner.

Manglar hestekrefter

Om bord i Hådn er Henrik Østervold er nøgd med fiskebåten sin, som i si tid vart bygd som «Haugagut» ved Karstensens i Skagen. Gamlebåten hadde meir maskinkraft på mindre stål og kunne peisa av garde med 16-17 knop, medan MAN-maskineriet om bord no gjerne kunne hatt meir å peisa på med.

Det er særleg når dei må svinga opp mot ein dott, i motvind og bylgjer dei gjerne skulle hatt 1000 – 1500 hestekrefter til, seier skipperen, og peikar på at båten har ein veldig propell, samlikna med maskineriet.

– Men eg har eit mannskap eg kunne gått i krigen med, og det er viktigare enn sjølve båten, som trass alt er meir enn dugande. Dei må berre tilpassa strategien til båt og bruk. Det klarte dei altså rett så godt i fjor.

Omsetting 2022 Ringnot

Birkeland                   112,5
Gardar                        83,4
Gerda Marie               123
Harald Johan             81
Hardhaus                   120,2
Harvest                      134,8
H. Østervold              104
Knester                      90@
Malene S                    98
Manon                        83,4
Norderveg                 92,6
Slaatterøy                  96,3
Slaattstein                 26,5
Steinevik                    60
Storeknut                   76@
Talbor                        112,5
Vendla                        86,4
Østerbris                    135
SUM                        1 715,6 Resten av oversikta finn du i e-avisa.