Teams-møte i vinterhagen: Regina pratar på inn og utpust i samtale med regionsleiarane i MOT.
Teams-møte i vinterhagen: Regina pratar på inn og utpust i samtale med regionsleiarane i MOT.

Lærer ungdom livsmeistring

Etter ti år i læraryrket ynskte energibunten Regina Njåstad Vestrheim å flytta fokuset frå fagleg opplæring, til å førebu ungdom på å møta livet. I MOT fann ho draumejobben.

– Sosial læring er minst like viktig som å pugga matte og norsk, smiler ho når me set oss ved stovebordet på heimekontoret i Melingsåsen.

MOT er ein ideell organisasjon som vart stifta av skeiseløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss i 1997. Motivasjonen deira var å førebyggja sosiale samfunnsproblem med å utvikla haldningar og åtferd blant ungdom, for å ta betre vare på kvarandre og gjera gode val for liva. Regina vart tilsett i 2017.

– For MOT er det viktig at arbeidet med å gjera ungdom meir robuste psykisk, kjem inn i timeplanen, og ikkje berre er fine ord. Handling gjev resultat, held ho fram.

Hundvåkaren arbeidde som folkehelsekoordinator i Austevoll kommune, då politikarane gjorde vedtak om at ungdomskulen skulle samarbeida med MOT. I dag er ho sjølv regionsleiar for Vestland med ansvaret for 70 skular.

– Eg treff mange spanande menneske i jobben min. To til tre dagar i veka reiser eg til fastlandet, og vitjar skulane som er med i MOT-programma for å fylgja dei opp.

Regina har skular frå Haugesund i sør til Songdal i nord, og kalenderen hennar er full av reise- og møteverksemd og teams-møte.

– Når eg vitjar skulane som ligg lengst vekke frå Austevoll må eg rekna med ei overnatting. Til vanleg er eg attende i heimen min om ettermiddagen, forklarer ho.

Austevollingar på Ung MOTivatorsamling i Åsane: Camilla (lærar), Vilde og Hilda. Foto: MOT

Enkelt å fatta vedtak

Denne dagen er avtaleboka hennar tettpakka med digitale møte. MOT har 302 skular på landsbasis, og innsatsen deira når ut til over 70 000 elevar.

– Då me er ein ideell organisasjon er det enkelt å fatta vedtak om endringar, dersom me ser at noko ikkje fungerer. Det synest eg er veldig positivt med denne jobben. At me heile tida kan spissa tiltaka våre for å treffa best mogleg.

På datamaskinen poppar det opp blide fjes. Det er tid for regionsleiarmøte.

– Det må vera verdspremiere på at ein journalist er med på eit digitalt møte i MOT, utbryt møteleiar Bjørg-Elin Moen til latter frå deltakrane.

Tonen er sett og gjengen går rett på sak, utan kluss med mikrofonar eller kamera. Temaet er utforming av spørjeundersøkingane dei sender ut til elevane, og det blir raskt klart at desse menneska har eit over snittet høgt engasjement for ungdom sitt ve og vel.

– Det kan verka skummelt dersom me ikkje få inn svar. Då kan det kjennast ut som at me mister litt kontrollen. Ein skyhøg svarprosent er det me ynskjer, poengterer Regina.

Ho set og vrir seg i stolen. Ynskjer å seia så mykje, i likskap med dei andre leiarane. Ikkje lett å komma til ordet.

– Eg kjenner desse menneska veldig godt. Me treff kvarandre på samlingar på hovudkontoret til MOT i Trondheim, fleire gongar i året, ivrar ho.

Varm i trøya

Møtet nærmar seg slutten. Multitasking må til i ein hektisk kvardag, og Regina sender ut både møteinnkallingar og syner Marsteinen rykande ferske attendemeldingar frå ungdomskulen i Austevoll.

– Ei av oppgåvene mine er å finna det me kallar for MOT-coachar. Det skal vera to til tre lærarar på kvar MOT-skule som får opplæring av oss, for å leia programma våre. Eg ser etter folk med ulike kvalitetar, og som er villige til å by på seg sjølv, fortel ho medan andleta på skjermen hennar forsvinn.

I undersøkinga frå 2022 påpeikar ein elev frå Austevoll at MOT-lærarane er veldig flinke til å inkludera alle samtalane.

– Ein gong i året er eg fysisk på kvar av skulane i krinsen min, for å fylgja opp personalet. Det er stor skilnad på kor langt lærestaden er kommen i å implementera programma våre, og i byrjinga kjende eg at eg var lett nervøs før besøka. No er eg blitt veldig varm i trøya, ler ho.

I tillegg til å finna høvande lærarar, har MOT noko som heiter MOTivatorar. Dette er elevar på niande-trinnet som melder seg frivillig for å bidra til eit betre skulemiljø.

– Det er ikkje noko problem å få tak i elevar som vil gjera ein forskjell i skulekvardagen. Ung-til-ung-formidling er noko me har stort fokus på. MOTivatorane er mellom anna med på å besøka sjuande-trinnet for å gje elevane der eit innblikk i kva som møter dei på ungdomsskulen.

Hankar inn nye skular til MOT-programmet frå heimekontoret i Melingsåsen.

Hankar inn nye skular til MOT-programmet frå heimekontoret i Melingsåsen.

Nytt mot

Regina er glad i å preika om MOT. Engasjert til fingerspissane, og lunsjen blir nærast gløymd når ho greier ut om arbeidskvardagen sin.

– Eg kjenner meg privilegert som har denne jobben. Det er menneskelege verdiar som er fagfeltet mitt, og dagleg vert eg minna på kva som er viktig her i livet.

Ynskjet hennar er at ungdomen skal vera trygge nok på seg sjølve til takla å ha dårlege dagar. – Ein del av MOT-programmet heiter Lommelykt. Det handlar om å setja fokus innover for å finna dei gode ibuande kvalitetane. Det er viktig å tenkja over og vera medviten på orda ein nyttar for å skildra seg sjølv, understrekar ho.

I ei tid med mykje merksemd på psykisk helse, er Regina klår på kvar ho meiner MOT kan hjelpa med.

– Det er på innsida til kvar enkelt livet vert forma. MOT-programma skal ikkje vera terapeutiske, men førebyggja dårleg psykisk helse. I dagens samfunn kan det å grua seg til noko få merkelappen angst, og å vera lei seg kan få nemninga deprimert. Det er naudsynt at ungdomen får rettleiing i korleis dei kan takla oppturar og nedturar. Dei vil komma uansett, og når elevane får sjå at dette er heilt normalt og at det perfekte livet er ein illusjon, kan det vera lettare å stå støtt i livet.

Neste punkt på agendaen til Regina er eit såkalla innsalsmøte. Her er oppgåva hennar å presentera MOT for ein skule som vurderer å knyta seg til programma deira. Den sprudlande dama skiftar til klede med MOT-logoen på, og set seg godt til rette framfor datamaskinen.

– Dette er ein del av jobben eg verkeleg likar. Å få framsnakka MOT er viktig for meg personleg, og når dei tilsette ved skulane tenner på, og ynskjer å gå for MOT, sit eg att med verdas best kjensle. Då veit eg med meg sjølv at no får endå fleire ungdomar moglegheita til å finna styrkane sine, og forhåpentlegvis fatta nytt mot.