Sjettetrinnet ved Storebø skule har hatt SmartCamp, ei veke med innovasjon og utan vanlege dag. Fokus har vore bæsjen til laksen og kva ein kan bruka denne til. Her er eine gruppa som gjekk vidare saman med dommarar: Kjersti, Sivert, Mathias, Simon, Stine, Harriet og Amund. Alle foto: Storebø skule.
Sjettetrinnet ved Storebø skule har hatt SmartCamp, ei veke med innovasjon og utan vanlege dag. Fokus har vore bæsjen til laksen og kva ein kan bruka denne til. Her er eine gruppa som gjekk vidare saman med dommarar: Kjersti, Sivert, Mathias, Simon, Stine, Harriet og Amund. Alle foto: Storebø skule.

Ungt entreprenørskap:

Frå laksebæsj til ressurs

Elevane ved Storebø skule har fått bruka seg sjølve: Frå idé, til prototype og presentasjon framfor ein interessert jury. Oppgåva var korleis oppdrettsnæringa og samfunnet kan skapa verdiar av bæsjen til fisken i merdane.

Sjetteklassingane på Storebø har arbeidd saman i små grupper for å finna svar på korleis ein best mogleg kan nytta seg av avføringa til oppdrettslaksen. Om fisken berre drit ut i fjordane kan det skapa unødige miljøutfordringar, kontra at avføringa vert samla opp.

– Gruppa mi laga eit prosjekt der me kunne bruka delar av bæsjen i sminkeprodukt, fortel Annelinn, som sit bakerst i klasserommet på Storebø skule. Ho er medviten på at det alt kan vera litt løgne produkt i sminkeveska til damer og jenter kringom.

– Me ringde litt rundt, og fekk på den måten vita litt meir om kva bæsjen kunne brukast til, seier Annelinn til Marsteinen. Nokre av klassekameratane supplerer med at dei mellom anna har søkt på Google for å finna meir informasjon om laksebæsjen, som inntil nyleg var noko dei ikkje interesserte seg særleg for.

Elsa målar installasjonen for å ta vare på den potensielt verdifulle ressursen laksebæsj.

Gjødsel og biogass

Sofie fortel at gruppa hennar gjerne ville laga straum av avfallet, og kontaktlærar Malin Hatlevik fortel at elevane hadde ei fin framføring om korleis avføringa til laksen kunna gå vegen via gass til å bli lys i lampane og varme frå panelomnen eller varmepumpa.

– Me ville laga korn ved hjelp av bæsjen. Altså laga gjødsel av han, smiler Hedda.

Dei unge innovatørane såg òg for seg at noko av avføringa med fordel kan bli brukt som dyrefôr, gjerne saman med fôrrestane som vert samla saman på botnen av merdane.

Ein av dei lokale oppdrettsselskapa sende ein representant for å informera elevane om næringa, og han kunne mellom anna fortelja om korleis slam og fôrrestar alt no vert samla saman.

I fylgje Nofima blir det brukt om lag 1,6 million tonn fôr årleg til produksjon av rundt 1,25 million tonn laks. Fisk utnyttar fôret effektivt samanliga med andre produksjonsdyr, men likevel vil ein del av næringsstoffa frå fôret komme uutnytta ut av laksen i form av gjødsel, fordi de ikkje blir fordøya. Høgt utdanna og gasjerte forskarar og byråkratar grunnar på mange av dei same spørsmåla elevane i sjettetrinnet har vurdert, viser det seg altså.

Isabell, Jorunn, Alma og Helena jobbar fram sin modell. Her må golvet i klasserommet takast i bruk.

Prosessen

I gruppene sine har elevane fyrst gjennomgått ein idéjakt, det alle påfunn og innspel vert teke vare på og skrivne ned. Nye idéar kan bli vidareutvikla. Deretter har dei evaluert idéane i ei lukkefase, der idéane vert vega mot kvarandre i ein lukkefase. Så har elevane brukt tid på å laga ein fysisk modell av prosjektet sitt.

– Her har me brukt alt me har funne, frå pappkartongar til anna, seier elevane ivrig.

Fredag var det tid til presentasjon. Amund Hatlevik og Kjersti Storebø var jury, med rektor Vibeche Storebø som interessert tilskodar.

– Eg var nervøs før me skulle gå inn og ha presentasjonen, men det vart veldig godt å bli ferdig med det, meiner ein av gutane i 6B.

Medan elevane synest det var kjekt å sleppa en vanlege undervisninga, har dei likevel fått nytt kunnskap frå mange av faga i å utvikla idéane og vidareføra dei til presentasjonen. Og kanskje viktigast av alt, dei to gruppene som fann dommarane sin gunst, får konkurrera mot Selbjørn skule.

– Me gler oss til å forsvara Storebø skule si ære, lovar elevane med glimt i auga.

Amund Hatlevik, som vanlegvis er dagleg leiar ved MøreNot sitt anlegg på Salthella, var rett så nøgd med dte han fekk sjå.

– Eg var imponert over gleda og stoltheita elevane hadde for prosjektet. Idéane var kreative og framføringa var gjort med stor innleving og smil. Kjekt å sjå at skulen let elevane utfolda seg, skryt karen frå det lokale næringslivet.

Rektor Vibecke, Kjersti og Amund. Joachim, Philip, Hedda, Kasper, Kristina og Sunniva under presentasjonen.