Austevoll Framstegsparti, her representert ved gruppeleiar Renate Møgster Klepsvik og kandidat til kommunestyret, Geir Bergflødt, fremjar resolusjon om pris på snøggbåtane i fylket. Foto: Austevoll Frp.
Austevoll Framstegsparti, her representert ved gruppeleiar Renate Møgster Klepsvik og kandidat til kommunestyret, Geir Bergflødt, fremjar resolusjon om pris på snøggbåtane i fylket. Foto: Austevoll Frp.

Føresler snøggbåtresolusjon

Austevoll Frp meiner at snøggbåtprisane må ned, og understrekar samstundes at satsing på grøn teknolog ikkje må føra til ytterlegare auke av prisane.

Det er til årsmøtet i Vestland Framstegsparti at austevollingane føreslår resolusjonen.

– Vestland har fleire hurtigbåtruter med ulik prisfastsetting, der nokre ruter er samordna med kollektivtransporten elles, og enkelte har historisk veldig dyre prisar. Ruta til Sunnhordland er eit slikt døme, skriv dei mørkeblå i resolusjonen. I forslaget sitt understrekar det at partiet er opptekne av at òg hurtigbåtreiser skal vera billigare for folk.

– Dei seinaste åra har sonesystem for buss bidrege til at mange kan reisa rimelegare med buss over lengre distanser. Ferjene er blitt gratis for passasjerar. Dette bidreg til at hurtigbåt blir dyrare og dyrare. Vestland FrP vil sette ned prisen på å reisa med hurtigbåt, heiter det vidare.

Partiet problematiserer at fylkeskommunen skal stilla klimakrav som fordyrar drifta av hurtigbåtane.

– Ein slik politikk utan forplikting frå staten på finansieringssida, vil kunna medføra at det er vanskeleg å få sett ned prisen for dei reisande.

Framstegspartiet vil dermed jobba opp mot staten for at snøggbåtane til øyar utan fastlandsforbindelse skal inn i gratisferje-opplegget, og samordne takstane på alle hurtigbåtsamband slik at disse går ned der det dyrast.

Les og: Frustrerte over ekstreme prisar.