For fyrste gong ser me ei samla oversikt over innsatsen som er lagd ned i Noreg for å rydda marin forsøpling og det er Senter mot marin forsøpling (Marfo) som legg fram statistikken. Tala viser at det er gjennomført 32.000 ryddeaksjonar og at 11.623 tonn søppel er rydda.
– Eg er djupt imponert over den formidable innsatsen frivillige og profesjonelle ryddarar i Noreg gjer for å redusera forsøplinga av miljøet. Dei skal vita at kvar einaste plastbit dei har plukka er fjerna frå naturen for alltid. Regjeringa jobbar for å stansa plastforureininga og sikre eit reint hav- og kystmiljø. Titusenvis av ryddeaksjonar langs heile den norske kysten hjelper oss med dette, seier Klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Industri og næring står for 38 prosent av forsøplinga, medan fiskeri og havbruk står for 22 prosent.