I fylgje Bergen Tidende vil ikkje konkursen i DOF ASA gå utover verken dei om lag 4000 arbeidsplassane eller kontraktane ein normalt assosierer med DOF-namnet. Grunnen er at desse aktivitetane vert gjort gjennom dotterselskapar til ASA-eininga.
– All operativ verksemd og alle tilsette er i dotterselskap. Det betyr at ingen kundar, leverandøarar eller tilsette blir berørte, skriv DOFs administrerande direktør Mons Aase i ei tekstmelding til BT,
Det er åltså det børsnoterte selskapet, DOF ASA, som skal opna konkursbehandling i dag. Kreditorane har sagt seg villige til å ta over DOF Services AS og dotterselskapa, og leggja til rette for rekonstruksjon i desse.