Varslarsaka som Marsteinen fyrst skreiv om i september, der varslaren meinte at leiinga i Vest politidistrikt ikkje har teke i vare samfunnstryggleiken på øyane, blir mat for rettssystemet. Varslaren, som fyrst vart omplassert og deretter fekk sparken, meiner at desse handlingane har vore motivert av hemn, og dermed i strid med arbeidsmiljølova.
I stemninga til Hordaland tingrett hevdar politibetjenten at varselet hans ikkje vart handsama, og at dette i sin tur skapte ein uhaldbar situasjon blant dei som er tilsette på politistasjonen i Austevoll.
– Det var vore veldig krevjande for meg å stå i denne saka, seier politivarslaren til Marsteinen. Særleg oppseiinga opplevde han som hard og brutal.
– Eg gler meg stort til å få saka belyst i domsstolen og trur fullt og heilt at eg vinn fram og at rettferdigheita sigrar, skriv varslaren i ei melding til lokalavisa.
Brot på arbeidsmiljølova?
TV2 som har følge den lokale varslarsaka tett sidan oktober, skriv at dei har forsøkt å henta inn kommentarar til stemninga både frå Vest politidistrikt og Justisdepartementet og statsråd Emilie Enger Mehl. Svaret frå departementet er eit kort at det ikkje vil vera ryddig for dei å kommentera saka, slik ho ligg i dag.
Sjølve oppseiinga av politibetjenten er i fylgje arbeidsgjevar ikkje knytt til sjølve varselet, men at han skal ha krenka tenestepliktene sine og ved utilbørleg ordbruk i kontakt med overordna tenestepersonar.
Politivarslaren sin advokat Arvid Sjødin meiner at oppseiinga er basert på hemn, og difor altså er eit brot på arbeidsmiljølova.
– Det er gjort grundige undersøkingar, før sak ble reist, omkring alvoret i varsla og den unnlatinga det har vore for sikkerheita å ikkje gjera noko med det. Det vil bli peika at forholda, slik dei stod fram, ikkje blir reparert ved å gje varslaren avskjed, opplyser Sjødin til TV 2.