HURTIGBÅT: Desse fire designa til miljøvenlege hurtigbåtar er inviterte vidare til fase tre i prosjektet Fremtidens hurtigbåt. Leverandørar er LMG Marin og SES-X (øvst f.v.), Transportutvikling og ESNA (nedst f.v.). Illustrasjon: Troms og Finnmark fylkeskommune

Utviklar framtidas hurtigbåtar

Kystfylka samarbeider om å utvikla miljøvenlege hurtigbåtar. Fire leverandørar er med vidare i prosjektet.

Vestland, Nordland, Troms og Finnmark og Trøndelag held på med eit samarbeidsprosjekt der målet er å utvikla energieffektive hurtigbåtar med nullutslepp. Båtane må kunna gå like fort som dagens hurtigbåtar, og på dagens samband. Prosjektet er no inne i sin tredje fase og fire leverandørar er med vidare. Alle har testa modellar av båtane sine.

– Dette er teknologi som vil bli etterspurt globalt, med ein enorm marknad. At me har fire svært spennande prosjekt som det blir jobba vidare med, vil gje norsk maritim teknologi eit løft, og kan bli eit av svara på verda sine store klimautfordringar, seier Vestland fylkeskommune sin representant i styringsgruppa, Jostein Fjærestad, i ei pressemelding.