Nathaniel Nordeide Storebø og Adrian Johan Nilsen var nøgde med Karrieredagen.
Nathaniel Nordeide Storebø og Adrian Johan Nilsen var nøgde med Karrieredagen.

Yrke og utdanning:

Meistring avlar meistring

Torsdag vart Karrieredagen arrangert i Austevollhallen. 28 verksemder frå ulike bransjar var på plass. Ein stort mengde elevar frå ungdomsskule og vidaregåande skule tok turen innom.

– Me ser det som ei av hjartesakene våre å arbeida for at ungdommen skal få hjelp til å gjera gode val når det gjeld yrke og studieretning, fortel arrangørane Austevoll Næringsråd og Opplæringskontoret i Austevoll.

Karrieredagen er eit ypperleg høve til å bli kjent med arbeidsgjevarar innan ulike bransjar og fagområde. Han gjev elevar og studentar høve til å spørja om ulike bransjar dei kan tenkja seg å jobba innanfor.

– Tren på å vera nysgjerrig, og ingen kan kreva meir enn at du gjer så godt du kan, var nokre av dei motiverandre orda frå føredragsheldar John Hammersmark i samarbeid med MOT Austevoll.

Merksemd mot fiske

Ein smilande Nathaniel Nordeide Storebø (16) tykkjer messa er interessant og at det var kjekt å høyre på ordførar Morten Storebø (H) som opna messa, og føredragshaldarane.

Saman med medelev Adrian Johan Nilsen (17) jakta han verksemder innan fiske.

– Det er emnet me likar, og siktar mot, fortel dei. Begge går naturbruk-lina på Austevoll vgs, nemner dei før engasjementet for premiane er høge for bedriftstwisten dei skal løysa undervegs på arrangementet.

Linnea Kolbeinsvik Skotsund (14) og Pia Cecilie Guzman (14) på niandetrinn likar seg veldig godt på karrieredagen.

– Havforskningsinstituttet var ein interessant stand for meg. Eg har lyst til å bli marinbiolog, eller kirurg, konstaterer Pia Cecilie.

Les òg vekas utgåve av Marsteinen med 20 sider ekstra om yrke og utdanning.

Austevollhallen var innhaldsrik under karrieredagen.