Også politiet får påpakning av Europarådet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Også politiet får påpakning av Europarådet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Europarådet misnøgd med norsk arbeid mot korrupsjon

Svingdører mellom politikk og lobbybransje og dårleg varslingssystem i politiet er to problem Europarådet peikar på i sin siste rapport om korrupsjon i Noreg.

Det skriv Europarådets antikorrupsjonsorgan, Greco, i ein ny rapport.

I 2020 fekk Noreg nemleg 14 tilrådingar om korleis ein skal forhindre korrupsjon i sentrale styresmakter. Rapportørar frå Sverige og Albania har fått i oppgåve å undersøkje om Noreg har teke tilrådingane til følgje. Svaret er ifølgje Greco nedslåande: Berre 4 av 14 punkt har vorte følgde opp på tilfredsstillande vis. Fem tilrådingar er berre delvis gjennomførte, medan fem ikkje er gjennomførte i det heile.

– I lys av det førre noterer Greco at det må gjerast fleire framsteg dei neste 18 månadene for å oppnå eit tilstrekkeleg nivå av oppfølging av tilrådingane, skriv dei i rapporten.

Noko framgang, men ikkje nok

Europarådet er ikkje fornøgd med korleis nye medlemmer av regjeringsapparatet blir opplærte i det etiske regelverket: Ein obligatorisk éindagssesjon og dessutan ein e-post frå Statsministerens kontor. Problemet er at det ikkje blir gitt meir regelmessig opplæring, og dessutan at det ikkje er etablert eit system for å sikre meir konsekvent tolking av råd om etiske spørsmål blant dei ansvarlege.

Noreg har også gjort ein del, men ikkje nok med openheita rundt kontakten mellom toppolitikarar og lobbyistar. All korrespondanse blir registrert, men det manglar reglar for korleis ein skal ta omsyn til slik kontakt. I tillegg manglar det konsekvensar for å bryte kravet om registrering.

Det er starta opp eit arbeid for å følgje opp tre av postane som gjeld opplysningskrav for statssekretærar og politiske rådgivarar, meir handhevbare sanksjonar for ikkje å ha oppgitt relevant informasjon, og meir effektiv kontroll av standardane som er sette. Greco meiner likevel at Noreg burde ha komme mykje lenger og fører opp desse tilrådingane som «ikkje gjennomførte».

Til gjengjeld har Noreg formalisert regelverket for inhabilitet for statsrådar. Det er også innført krav om skriftleg førehandsgodkjenning dersom statsrådar og andre personar i statlege toppleiarfunksjonar skal dekkje andre verv.

Blanda drops for politiet

Resten av tilrådingane dreier seg om politiet. Noreg har jobba godt med å innføre ei samla linje for korrupsjonsførebygging i politiet, samtidig har ein ikkje komme langt nok med opplæring og rådgiving.

I tillegg har ein ikkje komme ordentleg i gang med å etablere ein nasjonal og offentleg tilgjengeleg statistikk over disiplinærtiltak i politiet. Varslingssystemet er heller ikkje tilstrekkeleg styrkt.