Marit Våge Bjånesøy skjenkar kaffi til klubbvenninna Guri Sjursen. Ein gong i veka møter damene kvarandre for å prata mellom anna om bøker og film.
Marit Våge Bjånesøy skjenkar kaffi til klubbvenninna Guri Sjursen. Ein gong i veka møter damene kvarandre for å prata mellom anna om bøker og film.

Folk og frivilligheit:

Damer med hjarterom og stor takhøgd

Nokre kallar han Kvinneklubben, men noko offisielt namn har ikkje desse samlingane nokon gong fått. Kvar onsdag samlast dei som kan og vil rundt eit langt bord på thai-kaféen på Eidsbøen.

Berre kvinnfolk, det er det einaste kriteriet dei har. Bordet vert fylt med både kaffi, koppar og rettar dei har tinga når dei svingar seg inn døra. Eg får raskt dispensasjon frå kravet om å vera kvinne, i dagens høve. At ein ikkje lyt vera skoren for tungebandet, skjønar eg fort.

Når eg spør kor lenge dei har halde på får eg straks til svar at no har eg opna for ein lang og brei debatt, men dei samlar seg kring at dei har vel halde på i ti–tolv år no, og at dei har ikkje tenkt å gje seg.

– Det heile starta vel som ein fylgje av at nokre vart pensjonistar og trong noko å fylla kvardagen med, kan Hildegunn Kalvenes fortelja.

–  Ein trong ein stad å samlast berre for å prata, diskutera og halda kontakt med andre.

– Du veit det å gjera ting friviljug er litt annleis, skyt Siri  inn.

– Du møter folk frå alle yrkesgrupper og frå alle lag i samheldet. Går du på jobb, pratar du jo mest med kollegaar, og dei har jo mykje dei same interessene som deg sjølv, legg ho til med eit smil om munnen.

– Det vart vel også meir aktuelt med denne klubben då ein flytta biblioteket til Bekkjarvik, meiner ho. Alle set dei pris på bøker og det å lesa. Her får ein tips til bøker nokon har lese, eller dei byter bøker mellom seg, eller dei berre pratar om litteraturen dei har vore gjennom.

Liv Skår Ludvigsen har ei historie om hjartevarme å dela.

Takhøgda

Klubben har levd ei litt omflakkande tilvære, men no er det altså Eidsbøen som er samlingsstaden, og damene rundt bordet høyrer nok for det meste til på vest og nordsida av øya. Også damene sjølve har flytta litt rundt, ei har budd fleire år i USA, ei har røtene sine i Trøndelag, ei starta si tid i Austevoll med å ha hytte her og har vorten fastbuande sidan ho og mannen vart pensjonistar, ei har budd i Bergen heile sitt vaksne liv før ho kom att til Austevoll. Dette gjev mange og spannande innfallsvinklar i diskusjonane.

Diskusjonar er det rikeleg av i klubben. Her diskuterast det både lokale høve, og verdsproblem. Det vert erfaringsutveksling om barnebarn og handarbeid, her held ein og greie på kvarandre. Om nokon er sjuke eller på ferie, så tek dei og litt ansvar for kvarandre. Her er både alvor og skjemt, latteren sitt laust. Det eg merkar meg er at dei stiller med opne sinn, dei lyttar til kvarandre, dei tenkjer seg om før dei gjer seg opp si eiga meining, damene tek til seg argumenta hjå dei andre.

Gode historier er det i rikt mon rundt bordet, ja somme stundar kan det vera vanskeleg å konsentrera seg, for det vert så mange historier å fylgja med på, dette er ikkje ein stad der ein og ein fører ordet.

Ei historie rører ved meg, og viser godt korleis samhaldet i gruppa er, og kva dei gjer for både kvarandre og andre.

– For om lag eit år sidan drog mannen min og eg til Polen for å henta ei gravid kvinne med to barn, og to andre ukrainske flyktningar, kan Liv Skår Ludvigsen fortelja.

– Dei vart busette i Bergen og er der enno. Det vert stille rundt bordet, og dei andre damene nikkar anerkjennande, før Liv legg til med eit stolt og varmt smil.

– Det er damer rundt dette bordet, eller via sine kontaktar som skaffa dei husvære.

Ein vert teke vel i mot i dameklubben. Siri Sørhaug til venstre. Marit Nedrebø Iversen i midten.

Film og krigen

– Du veit, me er ei lita stamme som held saman fast, kan Marit Våge Bjånesøy opplysa om. Det varierer veldig kor mange dei er frå gong til gong, men ho meiner klubben er godt eit godt haldepunkt i kvardagen.

– Og så har me jo vortne så glada i kvarandre, legg Hildegunn Kalvenes kjapt til.  Dei andre smiler og nikkar bekreftande på det.

– Det kan vera litt godt å kunne samlast slik utan at ein held på med ein eller annan aktivitet, eller at ein har møteplikt, held Siri  fram.

– Her kan me vera utan å yta, ho ler godt, og det gjer dei andre også.

Latteren fyller det litt kaldslege lokale med både lyd og varme. Eg trur dei, eg trur dei verkeleg bryr seg om kvarandre, om verda, om bøker, om kvardagslege ting og om å ha det kjekt saman.

Brått dreiar samtalen seg om film.

– Eg har so lyst til å sjå denne filmen «Kampen om Narvik» vert det sagt ut over forsamlinga. Nokre byrjar straks å kommamed erfaringar frå kinoen på Lagunen i Bergen, nokre vender blikket mot mobiltelefonen. Eg blir gjort merksam på at svigerson til Guri Sjursen var med i filmen «Krigsseileren».

Så eg skjønar at denne klubben finn på ting utanom dei faste onsdagstreffa også.

– Ja, når ein har felles interesser så er det då kjekt å finna på andre ting i lag også, seier Guri Sjursen medan kaffikoppane rundt bordet nærmar seg tom.

I om lag ein time frå klokka tolv held dei altså til på Eidsbøen. Dei ynskjer gjerne fleire velkomne, gjerne dei som nett har vorte pensjonistar og som treng litt godt selskap, litt løye, litt alvor eller berre ei lita pause i kvardagen.

– Du lyt no få med at me er opne og inkluderande, seier Siri , og dei andre ler godt og samstemde.

Men noko manneklubb er dette altså ikkje.