Ove Trellevik (H) meiner Senterpartiet og Arbeidarpartiet sin skattepolitikkk utarmar Vestland.
Ove Trellevik (H) meiner Senterpartiet og Arbeidarpartiet sin skattepolitikkk utarmar Vestland.

Innlegg:

Vestland kunne blitt ein leiande region i Europa

Vestland var før regjeringsskiftet godt tilrettelagt for å nå målet om å bli Europas leiande region for innovasjon, næringsutvikling, forsking og utdanning blant anna knytt til haværingane, men så blei det regjeringsskifte.

Vår solide kunnskap og sterke næringsklynger bla innan havbruk skulle bidra til vekst og utvikling i leverandørindustrien til havbruk og maritim næring. Vestlandet er tross alt kombinasjonen av sterke distrikt med naturresursar, og by- og regionsenter med sterke hovudkontor, utdannings- og forskingsmiljø. Me hadde eit godt grunnlag for å lukkast saman.

 

Hurdalsplattforma slår fast at Noreg skal utvikla verdas mest produktive og miljøvennlege havbruksnæring. Frå Bergen, Austevoll og kommunane rundt blir rundt 80 prosent av verdas havbruksproduksjon styrt. Verdas fremste havbruksselskap er lokalisert her med sine hovudkontor. Regjeringa vil skattleggje næringa meir enn noko anna næringsverksemd i landet. På TV fekk me sjå at Bremnes Seashore AS sine eigarar på Bømlo på det meste skatta med 108 prosent skatt. Dei fleste forstår at dette ikkje går i lengda. Satsinga i denne næringa kjem i framtida i dei landa der rammevilkåra er til fordel for næringa. Kysten blir utarma med denne regjeringa sin skatte- og næringspolitikk.  

 

Regjeringa har i realiteten laga eit hurtigløp for industri nedbygging langs kysten, og ikkje industribygging. Høgre kjem ikkje til å støtta eit skatteregime som kan gje eigarane 108 prosent skatt. Kvifor senda all denne kapitalen til Oslo? Klarar ikkje kapitaleigarane langs kysten å forvalta sin eigen kapital? Ei investering i for eksempel i Oslo krev 10 -15 prosent eigenkapital. Ein tilsvarande investering ut på øyane langs vestlandskysten krev 40-50 prosent eigenkapital. Regjeringa sin politikk er direkte distriktsfiendtleg. Investeringskapitalen som denne næringa har brukt langs kysten skal no pløyast inn i finansminister Vedum si statskasse. Meir skatt, meir statleg styring og mindre valfridom blant innbyggjarane slik AP og SP vil er feil medisin for kysten og landet.

 

Det som skapar vekst i distrikta er ikkje auka skattar, statlege overføringar som regionale utviklingsmidlar, bulyst-midlar og bygdevekst avtaler slik AP og SP ynskjer seg. Det som skaper vekst er å byggja vegar og anna infrastruktur, satsing på utdanning og forskingsmiljø slik at dei kan gjennomføra samfunnsoppdraget sitt på tenleg vis, og eit vekstfremjande skattesystem som motiverer kapitaleigarar til å investera i ny verksemd og nye arbeidsplassar, og ikkje flytter ut av landet. Det er det som sikrar velferdsstaten si framtid. Likevel, det er også her regjeringa sviktar når det faktisk gjeld for kysten, distrikta og landet.