Ei kvinne omkom etter utforkøyring på Nautøy onsdag ettermiddag. Foto: Marsteinen-tipsar.
Ei kvinne omkom etter utforkøyring på Nautøy onsdag ettermiddag. Foto: Marsteinen-tipsar.

Kvinne omkom i trafikkulukke på Nautøy

Ei kvinne i 70-åra omkom etter ein utforkøyring på Nautøy tidleg ettermiddag onsdag. Dei pårørande er varsla, og kommunen har aktivert kriseteamet sitt.

Politiet melder at utforkøyringa i dag, resulterte i at passasjeren i bilen omkom.

– I samband med dødsulykka i Austevoll kan politiet stadfesta at pårørande er varsla. Det er ei kvinne i 70-åra som er omkomme. Ein mann i 80-åra er frakta til Haukeland universitetsjukehus. Tilstanden hans var bevisst då han vart frakta med luftambulanse frå ulykkesstaden, skriv operasjonsleiar Stine Mjelde til media i ein e-post. Dei to involverte har ein relasjon.

Vegen i området vart stengt og luftambulansen er på staden, opplyser BT.no. Bilen skal ha køyrt om lag 20 meter ut frå vegen, og føraren av bilen skal ha kome seg ut, medan passasjeren har vore fastklemt og deretter motteke livreddande fyrstehjelp, opplyser avisa.

Operasjonsleiaren skriv at Politiet framleis er på åstedet for å ivareta etterforsking. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på staden saman med politiet.

— Det er for tidleg å seia noko om sjølve forløpet eller årsaka til ulukka.
Politiet har ingen opplysningar per no som tilseier at førar at bilen kan ha vore påverka av alkohol eller andre rusmiddel. Dette vil likevel bli ein del av etterforskninga, skriv Mjelde.

Meldinga om ulukka kom inn like etter klokka 13 onsdag.

Rådmann Bjarte Madsen stadfestar at Austevoll kommune sitt kriseteam har vore i kontakt med dei som er råka av den tragiske utforkøyringa.