I ein ny rapport har Nofima rekna på verdiauken av fisk og skaldyr levert av den norske fiskeflåten. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen Meek / NTB / NPK
I ein ny rapport har Nofima rekna på verdiauken av fisk og skaldyr levert av den norske fiskeflåten. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen Meek / NTB / NPK

Rapport: Verdien av norsk fisk har auka 60 prosent på 20 år

Førstehandsverdien for fisk og skaldyr levert av den norske fiskeflåten var i fjor 23,9 milliardar kroner. Dei siste 20 åra har verdien auka med 60 prosent.

Talet er inflasjonsjustert og kjem fram i ein rapport levert av Nofima og Menon Economics på oppdrag frå Forskingsfinansieringa til fiskeri- og havbruksnæringa (FHF).

I mengd var 2021-fangsten på 2,59 millionar tonn fisk og skaldyr, ein svak nedgang frå 2,62 millionar tonn året før. Men sjølv med ein liten reduksjon i fangstmengda auka den samla førstehandsverdien med 1,1 milliardar kroner til 23,9 milliardar. I prosent er dette ein auke på 4,5 prosent frå året før.

Folk i arbeid

18.800 personar arbeidde i 2021 i fiskenæringa. Av desse jobba 10.700 direkte i fiskeria, medan 8.100 jobba i leverandørar til næringa.

– Sjølv med strukturering og færre fartøy, har fiskeria framleis stor betydning for busetjing og næringsutvikling i mange kommunar, seier forskar Audun Iversen i Nofima.

Den direkte verdiskapinga er fordelt på cirka 250 kommunar, ifølgje rapporten. Fiskeribedriftene er i stor grad konsentrert i Nord-Noreg og på Vestlandet, slik at dei samla ringverknadene er størst i desse regionane. Samla sysselsetjing er størst i Troms og Finnmark (3.800 sysselsette), Møre og Romsdal (3.400 sysselsette), Vestland (3.200 sysselsette) og Nordland (3.000 sysselsette).

Ringverknader

Norske fiskeri gir stor verdiskaping. Ifølgje rapporten var netto verdiskaping frå norske fiskeri 21,4 milliardar kroner i 2021.

– Verdiskapinga i fiskeflåten var på 13,8 milliardar, medan 7,6 milliardar av verdiskapinga er ringverknader hos leverandørane til flåten, seier prosjektleiar Roy Robertsen i Nofima.

Den direkte verdiskapinga i fiskeria fordeler seg med 46 prosent som arbeidsgodtgjersle til fiskarane, 45 prosent som overskot til kapitaleigarane og 9 prosent i skatt til stat, fylke og kommunar.

Færre fartøy

Talet på fartøy har lege relativt stabilt på 6.000 dei siste åra, men gjekk i fjor ned til 5.600. Mykje av flåten er framleis små fartøy under elleve meters lengd. Desse utgjer 80 prosent av fiskeflåten, men ein stadig større del av fangsten blir teken av større fartøy, heiter det i rapporten.

– Endring i flåtestruktur og nybygging fører også til endringar i ringverknadene, både i samansetninga av kva som blir kjøpt, og geografiske endringar, seier forskar Thomas Nyrud i Nofima.