Den nye presten insisterte på at gjengen på kyrkjekontoret måtte vera med på julebiletet. Frå venstre: Hildegunn Stangeland, Karen Kvinge, Tor Håkon Eiken og Regine Hatlevik Otterå.
Den nye presten insisterte på at gjengen på kyrkjekontoret måtte vera med på julebiletet. Frå venstre: Hildegunn Stangeland, Karen Kvinge, Tor Håkon Eiken og Regine Hatlevik Otterå.

Nesten viktigast for nye-presten

Tor Håkon Eiken (47) er klar for sine fyrste julegudstenester som prest i Austevoll. Månadane etter han tok over prestegjerninga har vore hektiske, men gjevande for apostelen.

– Me får setja oss på samtalerommet.

Underteikna får fram eit bilete av ei katolsk setting der den uverdige skal vedkjenna synd og spetakkel til presten. Sånn blir det ikkje. Den høgreiste karen er særs imøtekommande og venleg, og sit seg ikkje bak ein skiljevegg.

– Rett som det er ropar folk etter meg «dar kjem nye-presten». Det synest eg er veldig kjekt. Då er praten i gang, og noko av det viktigaste for meg no er å bli kjent med folket her ute.

Austevoll med sine mange øyar, bedehus og kyrkjer omringa av havet, kan verka eksotisk for ein bymann frå Fyllingsdalen. Og det er fleire ting som har overraska han med arbeidsområdet.

– Fyrste gongen eg skulle til kapellet på Møkster ante eg ikkje kva som kom til å skje. Me vart henta i båt, og etter preika gjekk heile følget samla frå gudshuset til kaien. Eg fekk forklart i detalj historiene om dei ulike husa på veg dit. Eg storkoste meg, ivrar han

Kvardagsprest

Den førre presten, Jermod Hausberg, har ikkje heilt gjeve slepp på forretningane og skal hjelpa til med nyttårsgudstenesta. I haust har han fungert som mentor for Tor Håkon inn i dei nye oppgåvene.

– Jermod har vore heilt avgjerande i inngangen til denne jobben. Det var heilt tydeleg at han ynskte å leggja til rette for meg, smiler han.

Bergensaren innrømmer glatt at han visste lite om Austevoll før han sa ja til å vera prest for øyfolket.

– Eg hadde eit inntrykk av at austevollingane var likande, direkte og hadde ein kraftig stemmebruk.

– Og kva tenkjer du no?

– Eg må seia at eg føler at eg passar inn her. Folk er så naturlege når dei møter meg at eg kjenner meg som ein kvardagsprest. Å vera synleg og tilgjengeleg i gode og ikkje fullt så gode stunder, ser eg på som ein stor del av virket mitt.

Samstundes er Tor Håkon positivt overraska over kor mange samanhengar folk ynskjer å ha ein prest til stades her ute.

– Det gler meg veldig at eg er ynskt. Eg har vore med på ulike tilstellingar no før jul, og alltid møter det mykje folk som har det kjekt i lag.

Folkekyrkje

Tor Håkon er gift og har vaksne barn. Han bur framleis på bysida, men i helgene tek han ofte kona med i prestebustaden på Storebø. Ein kveld bestemde dei seg for å vitja førjulskonserten i Stolmen kyrkje.

– Me diskuterte i bilen kor mange tilhøyrarar det kom til å vera der. Eg tippa kring 20. Eit godt stykke før kyrkja stod det parkerte bilar på kryss og tvers. Inne var det smekkfullt og me måtte stå lengst bak heile konserten. Men det var ei oppleving å få vera der. Ei varm og god stemning.

Begrepet folkekyrkje er sentralt for presten. Han blir alvorleg når me snakkar om temaet.

– Utgangspunktet mitt er at det er ulikt kva folk trur. Ein stor del av jobben til gjengen på kyrkjekontoret er å leggja til rette for at alle kan kjenna seg heime og har det fint saman i kyrkjerommet.

Når samtalen kjem inn på staben han har med seg vert han særs ivrig.

– Det er ein flott gjeng som eg er heldig å få samarbeida med. Me har det triveleg på kontoret og ute blant folk. Dei står på og er alltid positive.

Høgtidstemning

Kyrkjeåret byrjar fyrste sundagen i advent, og tida med julegudstenester for skulane og konfirmantane har vore motiverande for Tor Håkon.

– Då konfirmantane stod i våpenrommet i kyrkja på Storebø forklarte eg opphavet til namnet. At før i tida la dei frå seg våpena her i respekt for kyrkjerommet. Då vart all strid lagt til sides for ei lita stund.

Ungdomane vart beden om å leggja frå seg sitt moderne våpen. Mobiltelefonen.

– Alle treng ein pause. Eg merka på konfirmantane at dei synest det var fint å kunna slappa heilt av ein halvtimes tid.

– Kva er jul for deg?

– Jula er stor for meg. Eg prøver å bruka adventida til å vera i forteljinga om Jesus-barnet som kom til oss. At skaparen kom til jorda som menneske, for å visa oss kven han er.

– I bibelen seier Jesus at skaparen er kjærleik. Korleis påverkar dette deg?

– Summen av alt som står skrive om Jesus er at du skal elska din neste som deg sjølv. For meg betyr det at eg ynskjer at livet mitt skal ha ein positiv innverknad på menneska eg møter på vegen min.

På julaftan vert det halde ikkje mindre enn seks gudstenester på øyane, og Tor Håkon gler seg til å høyra juleevangeliet verta lest høgt i kyrkja.

– Det er ein eigen høgtidstemning med jula. Dei vakre salmane som vert sunge. Spesielt likar eg godt «Det lyser i stille grender». Då senkar julefreden seg.