I midten av biletet, med FILA-genser, ser me Simen Bjørhovde, til venstre for han, i blå genser, Luna Rabben, Kristine Bruntveit, Conrad Strand Halstensen, kontaktlærar Birthe Wessel, Martina Joyce Bendiksen-Forsgren, Lerke Fagerbakke Skår, Joakim Lund-Sivertsen (med ryggen til), Liv Johansen Våge, Karl Erik Haugland, Henrik Skulstad, Margrethe Taranger Karlsen, Fabian Larsen-Njåstad, Tristan Taranger, Knut Magnus Østervold, Jesper Lauvik Klinge, Marie Møgster Samland, Nora Beate Njåstad, Ida Mathilde Møgster Molnes og Evy Drønen Haugland.
I midten av biletet, med FILA-genser, ser me Simen Bjørhovde, til venstre for han, i blå genser, Luna Rabben, Kristine Bruntveit, Conrad Strand Halstensen, kontaktlærar Birthe Wessel, Martina Joyce Bendiksen-Forsgren, Lerke Fagerbakke Skår, Joakim Lund-Sivertsen (med ryggen til), Liv Johansen Våge, Karl Erik Haugland, Henrik Skulstad, Margrethe Taranger Karlsen, Fabian Larsen-Njåstad, Tristan Taranger, Knut Magnus Østervold, Jesper Lauvik Klinge, Marie Møgster Samland, Nora Beate Njåstad, Ida Mathilde Møgster Molnes og Evy Drønen Haugland.

Kos med bøker (og bollar) for 8C

Motvillig medgjev nesten alle elevane i 8C på ungdomsskulen at bokmeldeprosjektet dei har hatt i haust har vore kjekkare enn dei hadde rekna med. Nokre elevar har slukt opptil fire bøker, bollar og kost seg under vegs.

Når Marsteinen troppar opp i klasserommet til 8C på ungdomsskulen, kjem det fram at å grava fram bøker og fordjupa seg i fantasien si verd er langsam moro. Noko dei gjerne ikkje går inn i utan vidare. Freistingane er mange, konsentrasjonen flykting.

– Det er tusen andre ting eg gjerne vil gjera enn å lesa, seier ein elev.

– Ja, og så er det mange avbrot, oppdateringar på Snapchat og andre sosiale medium som gjer at det er vanskeleg å halda på konsentrasjonen, seier Jesper Laukvik Kvinge, som er ein av dei som trass alt har slukt fleire bøker under vegs.

Kondisjon til lesing

Prosjektet Uprisen klassen er med på er laga i regi av Foreningen Les! Kort fortald må elevane lesa minst ei bok kvar og laga ei melding av henne, som i sin tur vert publisert på Uprisen si nettside. No er fristen for å levera materiale gått ut, og mange av austevollelevane sine meiningar er å finna på nettsida til prosjektet.

– Eg melde klassen på i vår, då visste eg ikkje kva klasse eg skulle vera lærar for, men på foreldremøtet i haust mottok dei vaksne det med stor entusiasme, smiler kontaktleiar Birthe Wessel. Mottakinga blant elevane var derimot prega av okking, tenners gnissel og blanke blikk. Men læraren visste råd. Utstyrt med heimelaga bollar, snop og koselege rammer rundt lesinga, auka lesekondisjonen og konsentrasjonen raskt blant elevane.

– Me byrja med 20 minuttars økter i haust, men no mot slutten kunne dei sitja konsentrerte over bøkene i ein skuletime, eller lenger, seier Wessel med eit smil.

Når læraren snur ryggen til, og spør elevane om å signalisera med handa opp om dei synest å lesa og skriva bokmeldingar var kjekkare enn dei hadde trudd, sprett nesten alle hendene opp. Rask hovudrekning indikerer at rundt 80 prosent av elevane dermed hadde funne meir glede i lesinga enn dei sjølve hadde rekna med på førehand.

– Me treng å kunna lesa og forstå ei bok både på vidaregåande og seinare om me skal gå vidare. Og kunnskap er makt! meiner elevane om noko av det som bør gjera at lesing og leseforståing trass alt er viktig.

Conrad Strand Halstensen meiner at det særleg dei gode bollane som har sett ein ekstra piff på Uprisen for hans del.

Lite lesing

Ungdomsbøkene klassen har kome seg gjennom er ferske, og Uprisen kulminerer med ei prisutdeling på Litteraturfestivalen på Lillehammer. I 2022 er det ikkje mindre enn 35 bøker i den innleiande runden.

– Me valde oss bok etter å ha sett på omslaget og lest det som stod om henne på baksida, seier ei av jentene raskt. Vidare oppdaga fleire av dei lesande at omslagsdesignet ikkje hadde så mykje å seia for kvaliteten på boka. Ein tittel vart skifta ut med ein annan. Elevane har òg måtta trilla terningar for bøkene dei har lest. Wessel fortel at elevane har måtte peika på både gode og mindre heldige kvalitetar ved dei skjønlitterære verka.

– Nesten alle bøker har noko positivt med seg, og dei gode bøkene vil òg ha noko å trekkja for, meiner ho. Det var ingen seksarar som var trilla for ungdomsbøkene dei har lest, men fleire har Fumbler av Nina Borge som ein solid femmar.

– Boka handlar om gutar som melder seg på ein konkurranse i Fifa, der det vert spelt om pengar. Så viklar dei seg inn i noko skummelt etter det, seier Henrik Skulstad. Han spelar sjølv litt av det populære fotballspelet, og trur kanskje at det skapar ein slags nærheit til teksten. Som kan henda skjeggete menn i midt i livet ikkje ville kjent på.

Veldig mange av ungdommane ville føretrekt å sjå filmen framfor å lesa boka. Mellom anna har ingen i klassen lest J. R. R. Tolkiens klassikar Ringenes herre, som samla sett med tillegg og fotnotar er over 1000 sider i ein av dei siste norske utgjevingane.

– Men eg hatt sett filmane, flirer Henrik.

Dårleg kritikkar

Enn så lenge ser det ikkje ut som bøker under juletreet står høgt i kurs. Marsteinens utsende minnast at gåvebøkene om lagnadane til passasjerskipet «Titanic» og slagskipet «Bismarck» var såpass gode julegåver at dei enno har heidersplassar i dei overfylte og uttynna bokhyllene i heimen. Og engelskordboka eg fekk hos broder’n då eg var akkurat like gamal som gjengen på ungdomsskulen, vart med både på vidaregåande og under universitetsstudiane i Yorkshire. Rettnok er det i alle høve ein gut i 8C som aktivt har ynskt seg ein hard pakke med trykte bokstavar til gåvene skal sprettast etter pinnekjøtet eller svineribba om eit par dagar.

Elevane medgjev at å skriva sjølve bokmeldingane har vore det mest krevjande ved prosjektet. Her har det vore nyttig med lister over kva dei skal sjå etter, og korleis oppgåvene skal løysast. No når klassen er ferdig med anmelderiet sitt, gjev dei stafettpinnen vidare. Ein jury skal lesa alle meldingane som er komne inn frå dei 35 skuleklassane, og deretter skal det leggjast fram fem kandidatar som tevlar om prisen som skal delast ut på Lillehammer.

– No som meldingane ligg ute på nett, er de jo sjølve blitt publiserte, nett som forfattarar, meiner Wessel.

Marsteinen lurer på korleis meldarane trur forfattarane sjølve vil oppleva å lesa slakt av eit arbeid dei kan har brukt månadar eller år på.

– Nokre av bøkene var jo ganske dårlege, seier ein av elevane, som har gjeve både gode og dårlege terningkast til bøkene hen har lest og meldt. Reine ord for pengane på ungdomsskulen med andre ord.