Mottok prisen: Katharina Heggen, Amine Solheim Rabben, ordførar Morten Storebø, Therese Mathisen, Jeanette Heggen, Amalie Nordvik og Frida Kalvenes.
Ikkje til stades:
Linnea Fagerbakke Heggland Foto: Henriette Mathisen
Mottok prisen: Katharina Heggen, Amine Solheim Rabben, ordførar Morten Storebø, Therese Mathisen, Jeanette Heggen, Amalie Nordvik og Frida Kalvenes. Ikkje til stades: Linnea Fagerbakke Heggland Foto: Henriette Mathisen

Juntos-jentene fekk frivilligprisen

Onsdagskvelden vanka det ekstra merksemd for dei unge drivkreftene bak Juntos-kveldane på Selbjørn, som kvar tredje fredag samlar ungdommar frå heile Austevoll. Ordførar Morten Storebø møtte opp med frivilligprisen under armen.

Den kommunale prisen vert delt ut kvart år, og det er styret i frivilligsentralen som vurderer nominasjonane som kjem inn. I forslaget som eit samrøystes styre stilte seg bak, heiter det mellom anna at kvar tredje arrangerer dei gratis ungdomsklubb for alle ungdommar mellom ungdomsskulealder til 18 år. Med ulike aktivitetar som spelekveldar, open hall, Halloween-disko, matlagingskveldar (taco og pizza) vanleg disko eller berre ein plass å vera. Totalt 11 kveldar har dei arrangert i år og om lag 100 ungdommar kjem kvar gong … Eg kan ikkje få skrytt nok av jobben desse flotte jentene og gutane gjer for Austevoll-ungdommen. Eg håpar av heile mitt hjarte at juryen ser kva fantastisk gjeng dette er.

Aktiviteten starta i 2018, og på si eiga Facebook-side skriv Juntos om den kjekke førjulsoverraskinga.

– Me vart overraska av ein fin gjeng med ordføraren i spissen, som kom innom lokalet med prisen, blomar og VR-briller som allereie er tekne i bruk av ungdommane. Ein ekstra takk til alle dei gode ungdommane som kjem innom, utan dei hadde det ikkje vore Juntos, skriv dei eldsjelene sjølve.

I fylgje Frivillighet Norge, bidreg einskildmenneske med innsats som tilsvarar 78 milliardar kroner i verdiskaping. Den frivillige arbeidsinnsatsen i dei frivillige organisasjonane i Noreg tilsvarar 142 000 årsverk (SSBs satellittrekeneskap for frivillig sektor 2020). 58 prosent av befolkninga (over 15 år) har gjort frivillig arbeid i løpet av det siste året (Frivillighetsbarometeret 2022). Dette er likevel ein nedgang frå tidlegere og må sjåast i samanheng med koronapandemien, skriv samanslutninga for frivilligsektoren på nettsida si.