LK på Moss bibl_28.11.22_ (002).JPG
LK på Moss bibl_28.11.22_ (002).JPG

Jakta på makrellstørja – den mest ettertrakta fisken i verda

Det var eit eventyrleg størjefiske på norskekysten på 1950- og ‘60-talet, men så vart størja borte. No er det på nytt opna for fiske etter sushi-favoritten. Linda B. Karlsen (60) vaks opp i fjøresteinane ved Askøy og i Austevoll og har no skrive historia til makrellstørja i bokform.

– Eg har det i blodet. Faren min var med på størjefisket frå han var 15 år gammal saman med faren sin og to onklar. Dei satsa stort med spesialbygd båt, og dei gjorde det bra. Dessverre omkom farfaren min under størjefiske, så dei jobba under tøffe forhold. Faren min heldt på til han var 30, då han snudde om og tok lærarutdanning, seier forfattaren til Nynorsk pressekontor.

Ein spennande periode for norsk fiskeri

Linda Karlsen er utdanna lærar og spesialpedagog, og ho er i dag sjølvstendig næringsdrivande med Moss i Østfold som base. Dei siste åra har ho brukt mykje av fritida si på dette bokprosjektet, som både er ei historiebok om ein spennande periode i norsk fiskeri, ei faktabok og ei bok der vi får møte menneska som var med.

Me møter på henne på biblioteket i Moss ein måndag føremiddag seint i november. Trass i mange år på Austlandet snakkar ho framleis uforfalska striledialekt. Det er lett å merka at ho er van med å formidla.

– Det er viktig å få fram at denne boka handlar om størjefisket langs heile kysten frå nord til sør. Størjefisket starta på Helgeland, men vart seinare meir og meir eit vestlandsfiske, seier ho.

Det var viktige fangstfelt for størjefiske blant anna utanfor Karmøy i Rogaland, i Austevoll, Askøy og Fedje i Hordaland, Bulandet i Askvoll i Sunnfjord, utanfor Måløy i Nordfjord og utanfor Fosnavåg på Sunnmøre.

Størjefiske utanfor Sogn og Fjordane i 1955. Foto: Heming Torvanger / Aktuell / NTB / NPK

Japansk sushi

Det meste av fangsten i dei gylne åra for fisket vart eksportert til Italia, der fisken vart brukt i hermetikkindustrien. Men Linda Karlsen kan sjølv hugsa frå barndomen at det kom store båtar frå Japan for å henta filetar frå makrellstørje, og at dei hadde med eigne ekspertar på filetering.

– Det var imponerande å sjå korleis dei jobba med å filetera desse svære fiskane, og kor kjapt det gjekk. Og fisken gjekk til sushi, noko ingen i Noreg hadde høyrt om på den tida. No går det meste som blir fiska av makrellstørje her i landet til sushi i utlandet. Og det er den mest ettertrakta fisken i verda, fortel ho.

Overfiske og ny giv

På 1950- og 1960-talet var størjefisket ein stor suksess for mange, og stadig fleire fiskarar ville vere med på festen. Og det gjekk som det måtte gå. Det vart overfiske, og størja vart borte frå norske farvatn.

I starten var det ingen restriksjonar på fisket, og det enda med eit totalforbod. Etter kvart har det komme eit strengt fangstregime basert på arbeidet til norske og utanlandske havforskarar og forvaltarar. No har makrellstørja vendt tilbake til norskekysten, og det er igjen kommersielt fiske. Men under streng kontroll både nasjonalt og internasjonalt.

Størjefiske på Nordmøre før dei tok i bruk not som fangstmetode. Foto: Ukjent / Nordmøre museum.

Den største tunfisken

Makrellstørja, som er den største tunfiskarten i verda, finst fleire stader. Det er to bestandskomponentar eller førekomstar som har utbreiing i det nordlege Atlanterhavet. Den vestlege makrellstørjebestanden gyter i området ved Mexicogolfen. Den austlege bestanden, som boka til Karlsen handlar om, gyter fyrst og fremst i Middelhavet. Og det er desse størjene som i all hovudsak kjem på beitevandring i Norskehavet, Nordsjøen og langs norskekysten.

Det er dei aller største individa som kjem hit, som er den nordlege levegrensa deira.

Etter gytinga legg makrellstørja ut på ei lang næringsvandring, på jakt etter føde som det finst rikeleg av hos oss. Og det er slike store flokkar av makrellstørja har trekt oppover i dei kaldare og næringsrike farvatna utanfor Noreg. Etter å ha feita seg opp utover sommaren og hausten, dreg tunfisken tilbake dit han kom frå. Slik har størja vandra i uminnelege tider.

Mellom 300 og 500 kilo

Dei gigantiske fiskane, dei fleste er mellom 300 og 500 kilo tunge, kan bevege seg i ei fart på opp mot 70 kilometer i timen. Dei opptrer i flokk, så størjebåtane på 1950- og 1960-talet kunne gjera enorme fangstar.

Arkeologiske funn har slått fast at det har vore drive størjefiske langs norskekysten i fleire tusen år.

Først jakta fiskarane på størja på same måten som dei jakta på kval, og det vart blant anna brukt harpun. Men dette var lite effektivt. Først då dei forsterka nøtene vart tekne i bruk, vart det skikkeleg sving på fisket. Og det var pioneren Johan Warholm frå Brønnøysund som utvikla ei not som tolte vekta av dei store størjene.

Det var denne nótkonstruksjonen som danna grunnlaget for det moderne kommersielle størjefisket i større skala, og som er tema for denne boka.

Det var her storfisket starta, og vestlandsfiskarane reiste nordover for å ta del i eventyret. Seinare flytta størja seg lenger sørover, og fisket vart meir og meir overteke av båtar frå Vestlandet. Det vart teke eventyrlege fangstar, og for dei som gjorde det best var det store pengar å tena.

I boka gir Linda B. Karlsen ei heilskapleg oversikt over det moderne norske størjefisket, frå den spede starten med dårleg utstyr til dei eventyrlege fangstane på 1950- og 1960-talet. Og om nedturen og den nye starten i dette tusenåret.

Boka er gjennomillustrert med mange historiske bilete, og vi finn også ei mengd kart, statistikkar og oversikter. Fagpersonar frå Havforskingsinstituttet har vore viktige samarbeidspartnarar i arbeidet.

Menneska ute og heime

Så er det møtet med menneska. Av dei eldre størjefiskarane som kan fortelja om dette spesielle fisket, er det byrja bli tynt rekkjene.

I ei eigen bolk i boka får me møta dei som var med på fiskefeltet, dei som jobba på land og dei som måtte ta hovudansvaret heime. Mange av fiskarane var småbrukarar, og sidan størjefisket skjedde på sommaren var det kvinnene som måtte ta det tyngste taket på heimegarden.

Slik summerer forfattaren opp størjefisket:

«På mange vis skil størjefisket seg frå andre fiskeri. Det er det mest sjeldne, intense, adrenalinfylte, spennande og fartsfylte ein fiskar kan vera med på».

Fiskarane som var med på dette omtalar det som eit lotteri og eit sjansespel, men som dei likevel ville ta del i. Friskt pågangsmot og optimisme var rådande, fortel dei.

Linda B. Karlsen er glad og letta over at boka no endeleg er klar, etter mange år med hardt arbeid. Men også stolt.

– Eg visste ikkje då eg starta dette arbeidet at eg skulle bruka fire år av livet mitt på det. Men du kan ikkje hoppa av ein karusell i fart. Så eg måtte berre fullføra, seier ho til slutt.