Pengane frå Havbruksfondet er nå fordelt mellom laksekommunane. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Pengane frå Havbruksfondet er nå fordelt mellom laksekommunane. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Pengar frå Havbruksfondet fordelt – Frøya fekk mest

Vel 3 milliardar kroner er fordelte mellom laksekommunane. Frøya kommune får mest med nærare 116 millionar kroner. Austevoll runda på side 40 millionar kroner.

Det viser ei oversikt som regjeringa la fram fredag.

I alt er det om lag 3,1 milliardar kroner fordelt mellom 142 kommunar og sju fylkeskommunar.

– Det er viktig for føreseielegheita at kommunane no veit kva dei får å rutte med. I Hurdalsplattforma er regjeringa tydeleg på at dei skal sitje igjen med ein større del av verdiane som blir skapte. Det gjer dei no. Seier vi det, så gjer vi det, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Austevoll kommune får utbetaling av kr 40,5 millionar frå Havbruksfondet, og på nettsida til kommunen uttrykkjer rådmann Bjarte Madsen glede over klingande mynt.

– Dette er den største utbetalinga me har fått frå fondet, og er ei gledeleg nyheit som vil bidra til eit godt resultat i kommunerekneskapet for 2022. No er me godt rusta til å møta dei utfordringane som ligg framfor oss, seier han til eiga nettside.

Nærøysund nummer to

Nummer to på lista er Nærøysund kommune med 106,5 millionar kroner. Deretter følgjer Senja med 91 millionar og Heim med nesten 73 millionar.

Av fylkeskommunane får Troms og Finnmark mest (vel 95 millionar kroner), etterfølgd av Vestland (82 millionar) og Nordland (vel 79 millionar).

Pengane i Havbruksfondet kjem i hovudsak frå produksjonsavgift som oppdrettsselskapa betaler, og dessutan inntekter frå sal av nye konsesjonar.

Årets auksjon vart likevel amputert på grunn av nyheita om den nye grunnrenteskatten for havbruksnæringa, ifølgje Sjømat Norge.

Ut mot skatt

I staden for inntekter på mellom 8,2 og 8,8 milliardar, vart det berre seld lisensar for 3,8 milliardar kroner, meiner organisasjonen.

– Staten, kommunane og fellesskapet har tapt stort på uvissa regjeringa har skapt etter at dei foreslo å tredoble skatten på norsk havbruk og gi forslaget tilbakeverkande kraft, seier Peder Weidemann Egseth i Sjømat Norge.

Som ein kompensasjon for tapet, har regjeringa lagt 800 millionar kroner ekstra inn i fondet.

Forslaget om grunnrenteskatt er send på høyring med frist 4. januar. Regjeringa ønskjer samtidig at endringane skal gjelde frå 1. januar.