Havforskingsinstituttet i Bergen er spreidd over sju forskjellige stadar i byen. Her høgblokka på Nordnes. Foto: Havforskingsinstituttet / NPK
Havforskingsinstituttet i Bergen er spreidd over sju forskjellige stadar i byen. Her høgblokka på Nordnes. Foto: Havforskingsinstituttet / NPK

Regjeringa vil ikkje snu om Havforskingsinstituttet – trass lokale oppmodingar

Fleire lokalpolitikarar i Arbeidarpartiet i Bergen ber regjeringa snu i valet om å avlyse samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen. Fiskeriministeren ser at noko må gjerast, men må sjå på behova.

Framtida til Havforskingsinstituttet har blitt ei heit potet i havbyen Bergen etter at statsbudsjettet blei lagt fram tidlegare i haust.

I dag er instituttet fordelt på sju forskjellige bygg i Bergen. I 2020 vedtok regjeringa Solberg at Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet skal samlokaliserast i eitt nybygg på Dokken i Bergen sentrum.

I statsbudsjettet for neste år har regjeringa Støre foreslått å avslutte denne samlokaliseringa av dei to etatane. Det skal heller vurderast korleis ein kan vareta «dei bygningsmessige behova» til Havforskingsinstituttet.

– Regjeringa varsla i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 ein gjennomgang av planane for byggjeprosjekt i statleg sivil sektor. Målet var å redusere kostnadene til slike prosjekt, få betre kostnadskontroll og unngå ytterlegare press i norsk økonomi. På bakgrunn av dette foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2023 å avslutte samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet, skreiv Nærings- og fiskeridepartementet i oktober.

Lokalpolitikarar til orde

Fleire lokalpolitikarar, institusjonar og politikarar skreiv ein kronikk i Dagbladet måndag 7. november.

– Dette er Noregs største miljø for havforsking, med ei rolle som berre blir viktigare i ei tid med auka temperaturar, med overfiske, forsøpling og forureining. I dag er HI spreidd på sju ulike adresser i Bergen, og mange av desse lokala er dårleg tilpassa dagens aktivitet, for ikkje å snakke om dei krevjande utfordringane som vi veit er rett om hjørnet», står det i kronikken, som blant anna er signert fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland og Rune Bakervik (Ap), byrådsleiar i Bergen.

Vil at regjeringa snur

Onsdag 9. november blei instituttet og den planlagde samlokaliseringa på Dokken i Bergen tema under spørjetimen i Stortinget mellom Helge André Njåstad (Frp) og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

I spørjetimen spurde Njåstad statsråden om han kom til å lytte til reaksjonen til lokalpolitikarane og snu i avgjerda om å avlyse samlokaliseringa.

– Det er rart regjeringa kan samlokaliserast i Oslo, medan havforskingsinstituttet må vere spreidd på sju lokalitetar. Eg er redd for signalet dette sender. No skal me femdoble veksten i havet, og då er det viktig at me har ei like stor satsing på forskinga, seier Njåstad til Nynorsk pressekontor.

Strammare økonomi – strengare tider

Til Nynorsk pressekontor skriv Bjørnar Skjæran at han forstår at mange er skuffa over at samlokaliseringsprosjektet blir avslutta, men at med strammare økonomiske rammer, må dei prioritere strengare.

– Me skrotar ikkje planen om nye lokale for HI. Me ser at noko må gjerast. Derfor set me av 20 millionar kroner i budsjettet for neste år til å finna ut kva behov HI har framover, kor også behovet for nye lokale og kvar dei eventuelt skal plasserast vil inngå i utgreiinga. Ein bør fritt vurdera korleis Havforskningsinstituttets bygningsmasse bør vera.

Skjæran skriv at når det gjeld alternativ for HI i Bergen vil den nye konseptvalutgreiinga gi dei eit grunnlag for å ta ei avgjerd om kva som skal gjerast, tidsperspektivet avheng av kva løysing som blir vald.

– Det mest prekære i dette prosjektet er Havforskingsinstituttets behov for nye lokale. Dei har særlege behov for nye laboratorium.

– Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet er viktige delar av havbyen Bergen. Begge har ei sentral rolle i forvalting og utvikling av sjømatnæringane i heile landet og vil også ha dette i framtida. Fiskeridirektoratet har allereie funksjonelle lokale i dag og det gode samarbeidet skal framleis vidareutviklast, uavhengig av om dei arbeider under same tak, skriv Skjæran.