Marie Curie, Frida Kahlo, Sigrid Undset, dronning Elisabeth (både den fyrste og den andre), Amelia Earhart, Abelone Møgster, Kleopatra og Margaret Thatcher; verdsvevfenomenet Andrew Tate meiner rett fram at kvinner er mindre intelligente enn menn. Og at når det stormar rundt ein, er menn betre eigna for å stå i det enn kvinner. Han seier det framfor den overdådige bilparken sin, eller pattande på ein havannasigar, gjerne iført ein singlet der me kan sjå dei struttande musklane til den tidlegare kampsportmeisteren.
Men utan penisforlengjar, rekk han ikkje langt.
Utfordringa med Tate er at han har samla seg millionar av fylgjarar, helst unge tenåringar, som let seg forføra av den tilsynelatande suksessen til steinaldermannen. At han utnyttar menneske med sexkanalar, streaming og svindel av dei som sit i andre enden av internett, og at det er der pengane hans fyrst kom frå, er ein ting. Ein annan ting er at han i tillegg skvisar pengar frå tilhengjarane sine med diverse tenester av tvilsam sort på nettet. Ja, han åtvarar mot å ta høgare utdanning, men har sin eigen såkalla PhD-grad, som du sjølvsagt kan abonnera på fyre dommar. Her gjeld det å bulka opp, vera alfa i flokken og sjølvsagt vera omsynslaus for å nå dei materielle måla (i tillegg er han kjent for rasistiske og homofobiske utsegner på Twitter). Og kvinner bør berre vera heime og passa ungar og kjøken. Og legg nokon an på dama di, er du i din fulle rett til å grusa vedkommande. For kvinna di er din eigendom …
At stakkars Andrew har fått mange slag og spark mot hovudet verkar overveldande klart i den augneblink han opnar munnen. Usamanhengande drøvtygging, argumentasjon utan underbygging i fakta, men med ein aggressiv kroppshaldning går kan henda inn hos dei frustrerte og ukyssa. Eller dei som ynskjer seg ei verd som Mad Men på steroidar, full av Harvey Weinsteins …
Kor sinnet til kvinner kjem frå? Faren til Tate var ein ganske mislukka omreisande sjakkspelar i USA. Fråværet hans ser det ut som Andy lastar mora si for, ho var ikkje særleg nøgd med at han hadde seg med andre når han var på reis. I staden for å ta ansvar, strauk sjakkspelaren på dør … I dei seinare åra har Andy ikkje stussa over kasta dei såkalla girlfriends framfor kamera i forretningsaugemed. Og ja, han føretrekkjer 18–19 åringar.
Om nokre sosiale medium no fjerna figuren frå verdsveven, og han fortvila forsøkjer å vera meir stoverein for å skaffa seg fleire tilhengjarar å mjølka grunkar frå, tenkjer eg mitt: Ville du lete ein valdeleg kvasihallik oppdrege ungdommen din? Eg seier det heller med namnebror Trond Viggo: En må tenke sjæl.