Arne Møgster ynskjer å byggja kystsamfunna, og ser ikkje for seg å flytta ein meter, trass i at regjeringa lastar ein enorm skattebyrde på oppdrettsnæringa og eigarskapen deira.
– For oss er dette alvor: Me brenn for arbeidsplassane, for medarbeidarane våre og for kystsamfunna, slår den administrerande direktøren i Austevoll Seafood fast og lenar seg engasjert over kontorbordet på Alfabygget. Med forslaget til grunnrenteskatt, kjenner han uro for den vidare utviklinga etter regjeringa sitt utspel i slutten av september.
Råkar breitt
Gjennom eigarskapet i Lerøy Seafood sysselset Austevoll Seafood, AUSS, 3 500 medarbeidarar langs den norske kyststripa. Konsernsjef Arne Møgster konstaterer at regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt slo ned som ei bombe på Alfabygget i september i år, og gjev stor usikkerheit langt utover dei fem store børsnoterte selskapa.
– Grunnrenteskatten kjem til å råka 90 prosent av oppdrettskonsesjonane, og ikkje berre dei største aktørane slik det er ført i pennen i dag , seier Arne Møgster til Marsteinen.
Det er i hovudsak tre forhold tre forhold han er kritisk til når det kjem til grunnrenteskattinga som er føreslått frå regjeringa. Det fyrste kjem til prosessen, der finans- og statsminister slapp katten ut av sekken på ein pressekonferanse, utan dei vanlege sikkerheitsventilane før innføringa av noko som kan få store ringverknadar i kystsamfunna.
– Me hadde forventa at regjeringa hadde nytta seg av trepartssamarbeidet og drøfta skatten med næringsliv og arbeidstakarsida. I tillegg burde det vore høyringsrunde før avgjerda vart teke, poengterer austevollingen. No tek i staden skattlegginga i kraft ved nyttår, og høyringsfristen er sett til 4. januar, der ein legg opp til politiske diskusjonar på Løvebakken ein gong på forsommaren.
Les også: Malurt i begeret for laksesmolten.
Feil tankesett
Sett frå kontoret på Alfabygget er det òg grunn til å reisa spørsmål om det finst noko reelt grunnlag for å innføra grunnrente på oppdrettsnæringa, slik det har vore i petroleumssektoren og innanfor vasskraft. Møgster peikar på at innsatsfaktorane i oppdrett ikkje er saltvatnet i fjorden, men levande fisk som treng oppfylging frå egg til marknad. Møgster meiner òg at medan olje, gass og vatn i magasina er naturgjevne, må hans eigen matindustri både byggja, finansiera og ta risiko for sitt eige varelager. Dessutan er sluttprodukta mange hundre ulike variantar, ikkje ein kilowatt i veggen eller ein liter på tanken.
– Den biologiske risikoen vil me framleis sitja på, kommenterer Møgster. Verdt å merka seg er det at næringa allereie har ein relativt stor skattebør utover selskapsskatten, mellom anna gjennom eksportavgift – og ei produksjonsavgift på 40 øre per kilo. AUSS-sjefen trudde før 27. september at ein auke av sistnemde kanskje låg i korta. Innføringa av denne såg næringa som eit kompromiss sist spørsmålet om grunnrente kom på bordet.
Nivået på skatt som møter næringa frå nyttår kan vera opp mot 85 prosent om ein er norskeigd og dreg inn formuesskatt og utbytteskatt. Ei ekstra utfordring er knytt til ynskjet om å fylgja spottprisen, heller ein den faktiske omsetningsprisen. Dette gjer at ein i tillegg risikerer å skatta for ei inntening ein ikkje har.
– Sist fredag kom regjeringa med framspel om at dei i staden for å leggja til grunn spotprisen, vil regjeringa vurdere å sette ned eit utval som skal fastsetja prisen. Det vert veldig komplisert, og framleis uføreseieleg, meiner Møgster, som altså fryktar for evna næringa vil ha for å gjera naudsynte investeringar for å videreutvikla næringa, og leggja grunnlag for vibrerande kystsamfunn, slik dei på det aller sterkaste ynskjer sjølve. Når konsernet har det han omtalar som ambisiøse miljømål, med å redusera klimaavtrykket sitt med 45 prosent innan 2030, er det ein anna tungt aspekt som kan verta ekstra krevjande å nå for konsernet.
Ingen laksebaron
Fråtrekk på investeringar, fungerer heller ikkje særleg godt for oppdrettsnæringa, så lenge som dette berre gjeld for sjøfasen. I næringa har det dei seinare åra vore naudsynt å investera langt meir i smolt- og storsmoltfasen, slakteri- og foredlingsindustrien, i tillegg til brønnbåtsegmentet.
– Om me kunne fått frådrag for andre investeringar, kunne det hjelpt på. Likevel er me usamde i premissen om at oppdrett skal skattast med grunnrente, slår han fast.
– Styresmaktene viser her eit stort sprang mellom liv og lære, seier Møgster.
Gjennom Lerøy-systemet vert det investert mellom 1,2 og 1,8 milliardar kroner årleg. Dei handlar samstundes varer og tenester for 13–14 milliardar kroner frå om lag 4 500 verksemder i 280 kommunar.
– Lerøy er berre eit av mange selskap langs kysten. Me òg andre har bygd ut foredlingsindustrien langs kysten, i det me trudde var ei felles forståing med styresmaktene om at Noreg ynskte aktiviteten, seier Møgster. Med kalddusjen i september har dei sett på bremsane, mellom anna på Skjervøy.
Møgster kjenner seg ikkje att i narrativet om laksebaronar kring kysten, og at dei slett ikkje sitt på berg med pengesetlar. Verdiane til næringa ligg i all hovudsak i verksemder og fisk i merdar langs kysten ikkje sylta ned. Havbruksnæringa har vore eit av lokomotiva for utvikling av kystsamfunna dei siste tiåra, og me håpar at skatteforslaget vert endra slik at me saman med våre tilsette langs kysten framleis kan utvikla denne næringa til den industrien som skal ta over etter at oljeeventyret, avsluttar konsernsjefen.