Rådmann Bjarte Madsen la fram budsjettet akkurat innan fristen 31. oktober. No ventar lokalpolitikarane si hand på veket. Budsjettetmøtet er midt i desember.
Rådmann Bjarte Madsen la fram budsjettet akkurat innan fristen 31. oktober. No ventar lokalpolitikarane si hand på veket. Budsjettetmøtet er midt i desember.

Rådmannens budsjettframlegg:

Føreslår å gå med raude tal i 2023

Bjarte Madsen meiner det er udramatisk å tæra på disposisjonsfondet til kommunen i drifta. Han førsler difor eitt år med meirforbruk, samstundes som han åtvarar mot å bruka for mykje av pengebingen til investeringar.

Rådmann Bjarte Madsen ynskjer ikkje å strekkja strikken for langt. Dermed vil han bremsa på investeringane i 2023 og framover, samstundes som aktivitetsnivået på drift ikkje skal reduserast.

– Me legg opp til eit veldig høgt aktivitetsnivå, og budsjetterer med eit negativt driftsresultat på 2,5 millionar kroner i 2023, sa rådmannen då han la fram forslaget sitt. Årsaka til at lampane i Birkelandsvegen 2 ikkje blinkar blått, er sjølvsagt dispensasjonsfondet. Dette har i årevis vekst seg større og større og ved årets slutt kan det fort vera på 140 millionar kroner.

Fleire tilhøve spelar inn når kommunen ser seg nøydd til å tæra på sparegrisen. Eit forhold er langt høgare finanskostandar. Madsen sa at renteutgiftene til kommunen aukar med sju millionar kroner, til 18 millionar i 2023.

– I over eitt år har me venta på at straumkostnadane skal gå ned. Det gjer dei ikkje, og det tek me innover oss i budsjettet, sa Madsen.

Generell prisauke og ein inflasjon me ikkje har sett sidan slutten av 1980-talet, har òg hatt stor innverknad på budsjettet rådmannen presenterte saman med økonomisjef Thomas Larsen.

Vil redusera gjelda

Kommunebudsjettet legg samstundes opp til å justera gjeldsgraden nedover. Ved utgangen av 2023 skal etter planen gjelda liggja på rundt 100 prosent av det årlege driftsbudsjettet. Måltalet er å få gjelda ned til 90 prosent.

– Me må avgrensa investeringane. Likevel står me overfor to store investeringar, knytt til Austevollpakken og Storebø skule, sa Madsen. På det siste punktet poengterte han at strikken vert tøya til det lengste med dei 125 millionane som er føreslått investering så langt fram som ’25 og ’26, med årlege investeringar på éin million dei to føregåande åra.

– Arkitektframlegget frå Holon ville beløpt seg på 180 millionar kroner, om me rekna ein kvadratmeterpris på 40 000 kroner, kommenterte rådmannen og medgav at prioriteringane er krevjande. Likevel må kommunen sjå til kjerneoppgåvene, og storhallprojektet ved idrettsbanen vert trekt ut av økonomiplanen.

Dei frammøtte frå Høgre-gruppe problematiserte at kommunen trekkjer seg frå storhallinvesteringa, og viste til at gruppa som står bak har rekna med ei kommunal støtte på 20 millionar kroner. Administrasjonen viste på si side til at ei investering uansett vil føra med seg ei trong for å drifta hallen, noko som vil utgjera ein kostnad på 2,7 millionar kroner årleg på driftsbudsjettet.

– Me ser ikkje at det er set stoggar for investeringar, men at det er ein ting som er trekt ut, kommenterte Anita Melingen (H).

Lakseskatt og skot for baugen

Grunnrentesjokket til oppdrettssektoren har òg fått direkte innverknad på kommuneøknomien, nærast over natta. Om bodrundane for nye konsesjonar i haust hadde gått som forventa, ville Austevoll kommune gått over i 2023 med om lag 20 millionar kroner ekstra på sparekontoen sin. Rådmannen sa vidare at korleis inntektene vert frå oppdrettssektoren i åra som kjem er eit spørsmål som ingen tilsynelatande kan svara på. I 2023 har han likevel tenkt seg fram til at ei inntekt på 16 millionar kan vera realistisk, men med ei von om at dei løyva som ikkje vart selde ved førre krossvegen kan komma til auksjon neste år.

– Det ville i så fall verta eit solid plaster på såret, meinte rådmannen.

Austevoll betalar elles store summar til såkalla inntektsutjamning til kommunar som

har lågare skatteinntekter enn oss sjølve. I ein treårsperiode kan det komma opp i 180–200 millionar kroner.

– Hadde me behalde desse midlane kunne me sjølvsagt ha gjort nesten som me ville, sa rådmannen i med eit drøymande blikk.

Nøkkeltal Budsjett 2023

551 366 000         Totale driftsinntekter

549 131 000         Totale driftsutgifter

-2 592                   Netto driftsresultat

-0,5 %                  Driftsres i prosent av driftsinntekter

575 019 000        Netto lånegjeld

18 076 000          Renteutgifter

18 000 000          Avdrag

2 900 000            Eiendomsskatt

100 750 000        Disposisjonsfond

113 543 000        Årlege investeringer

37,5 %                Andel lånefinansiering