Nok ein gong er dei lokale heltane samla for å spela eit vidt spekter av favorittar til musikkglade på øyane. Pressefoto.
Nok ein gong er dei lokale heltane samla for å spela eit vidt spekter av favorittar til musikkglade på øyane. Pressefoto.

Dreg i gang galleriet i helga

Etter ein lang taktpause i pandemien og stilla etterpå, er Songgalleriet nok ein gong samla til musikalske spilloppar. Med på laget har dei Fått Sigurd Hveem.

– Gjengen rakk akkurat å halda tiårsjubileumskonsert før pandemien slo inn, skriv arrangør Sissel Fagerbakke i Songgalleriet i ei pressemelding

– Der ei rotasjon på lokale artistar i Austevoll. Det er ei ny samansetning av artistar på scenen kvart Songgalleri, og desse finn fram favorittlåtane som dei serverer på rekkje og rad i løpet av fredag- og laurdagskveldar i Løo.

Dei som spelar i helga er Bjørnar Solbakken (vokal og gitar), Kristine Fagerbakke (vokal), Vincent Veivåg (vokal og gitar), Astrid F. Heggland (vokal), Sissel Fagerbakke (vokal), Sigurd Hveem (keyboard), Ruben Weløy (bass) og Svein Arne Kalvenes (trommer) går det fram av skrivet.