Fram til sommaren 2023 vil fylkesveg 546, Bjelland – Haukanes vera stengt på kvardagar mellom 9 og 14 og klokka 16 til 19. Skyss melder at i periodane vegen er stengd, vil bussturar på linje 530 køyra via Eido mellom Vik og Austevoll ungdomskule. Til enkelte avgangar vert det sett inn ekstra buss som køyrer til/frå Austevoll vidaregåande skule via Husavik/Vinnes. Korrespondanse mellom dei to bussane vil vera på knutepunktet i Vik (Austevoll Auto), og omstiging vidare til Hufthamar skal skje der.
Normalt i romjul og påska
Vegen er open for fri ferdsle utanom stengetidene, og samanhengande frå klokka 19 torsdag til måndag morgon. I tillegg er vegen open i romjula og påska. Bussen vil då kunna gå som normalt. Reiseplanleggjaren er oppdatert på nettsidene til Skyss, og her finn publikum òg ein eigen tidstabell der det skal vera mogleg å finna dei nye avgangstidene, og sjå kva avgangar som vert råka av stengt veg over Bjelland.
Skyss tilrår elles publikum å fylgja med på heimesidene deira og i reiseplanleggjaren.