Når ein går inn i lokalpolitikken for eit parti, må ein kunne forventa at partiet står for eigen politikk. Det gjorde eg då eg før førre lokal val skreiv i eit lesarinnlegg: «Stem SP for framtida til Austevoll», dei tre siste åra har vist at eg tok grundig feil. Eg bad om å bli plassert langt nede på lista til SP ved førre val, blei vara i kommunestyret, på grunn av nemnde innlegg, trur eg.
Desse tre sakene har eg jobba litt med:
- Hufthamar – Krokeide har dårlegare rutetilbod enn samanliknbare strekningar. Dette er og grundig dokumentert i Helge Hopen rapporten frå 2015 og i ferjestatistikk fram til i år. Denne rapporten vart bestilt av Morten Storebø, Høgre. Døme: Hufthamar – Krokeide har betydeleg dårlegare rutetilbod, når det gjeld opningstid og frekvens, enn landfast samband med om lag halvparten av trafikken. Dette er tatt opp med SP sentralt og med Hordaland og seinare Vestland Fylke. SP har ikkje tatt dette på alvor verken sentralt eller i fylket.
- Prisane på hurtigbåt varierte frå kr. 54.-(Knarvik – Bergen) til kr. 230.- Hufthamar – Flesland for same sigla distanse. Kva gjer ein så med dette? Jo, det må kosta like mykje å reisa med buss og båt mellom Knarvik og Bergen, ny pris for båten blir då kr. 40.- Prisskilnad er etter dette kunststykket, som blei omtala som godt politisk handverk, er ein prisforskjell for same sigla distanse på 575 %. Dette er ei stadfesting av det som fleire fylkespolitikarar fortel, at det er kor fylkestingspolitikarane bur som styrer pris og rutestruktur. At ein kjenner til dette, og til no ikkje har gjort noko med det, meiner fleire ser ut som politisk korrupsjon, og det er det vel ingen som ønskjer?
- Eit takstsonekart som er direkte diskriminerande mot Austevoll. Som einaste kommune i gamle Hordaland vart Austevoll i praksis, plassert i ei takstsone åleine. (Var plassert i sone me Fusa og Tysnes, problemet er jo at det ikkje går transport, ein må symja inn i den sona).
No tar og SP til orde for å skattleggja oppdrettnæringa, på ein direkte urettvis og distriktsfiendtleg måte. Veit ein verkeleg kva ein driv med? Heile landet vårt nyt godt av at oppdrettsnæringa er so innovative og verdiskapande som dei er. Ringverknadane næringa gir, er ekstremt undervurdert av SP og andre parti. Arbeidsplassar, utdanning (svært mange unge tar utdanning innan akvakultur), og store investeringar vil bli råka. Dette vil sjølvsagt og gå utover inntektene til distriktskommunar og vil då også ramma kultur, idrett og velferdstilbod. Store investeringar er i gang, fleire av desse vil bli satt på vent, og vil føra til større tap, enn den nye grunnrenteskatten vil bringa inn.
Nettolønsordninga for sjøfolk blir i praksis kutta i forslaget til stasbudsjett. Dette på trass av at SP har uttalt at dei vil ha ei satsing på fornying av nærskipsfarten/kysttransporten (publisert på SP si eiga nettside 22.06.2021). Dette er nok eit svik mot den norske sjømann. Ønskjer ein at norske arbeidsplassar og læreplassar på sjøen fell vekk? Norske sjøfolk og reiarlag har alltid bidratt til den Norske velferdsstaten, har lange tradisjonar, og bidrog sterkt til at 2. verdskrig blei vunne. Kvifor skal alltid norske sjøfolk lida? Yrket blir alltid sett ned på, og undervurdert av politikarane våre, no og frå SP, distrikta sitt parti.
At Austevoll framleis ventar på eit likeverdig ferjetilbod, eit likeverdig pristilbod for hurtigbåt og blir utsett for ein skatt som sett arbeidsplassar og investeringar i fare er sterkt beklageleg. At SP lokalt, i fylket og sentralt ignorer dette er skremmande, eit parti må jo stå for eigen politikk. Slagord som: SP nær folk i heile Noreg, bry seg om heile Noreg, og visjonen om: korleis skape norske arbeidsplassar, viser at alt dette blir ein bløff, SP lurer seg sjølv.
Ein opplever no, at fleire melder seg ut av partiet lokalt, og det er fullt forståeleg. SP står ikkje for eigen politikk, når det gjeld desse nemnde sakene. Skal SP rakne langs heile kysten?
Kva er det eigentleg som skjer? Den mest folkerike kommunen i landet utan fastlandsforbindlese, får ikkje det rutetilbodet for ferjer ein har krav på opp mot trafikkgrunnlag, i tillegg til dette er me ein av to kommunar i «Hordaland» som ikkje er landfast. Til no i år er der rekordhøge 1312 PBE pr. døgn Hufthamar-Krokeide. Prisane på hurtigbåt varierer med 575 %. Å laga ein rettvis prisstruktur og rutetilbod kunne vore utført på nokre dagar. At det mest produktive næringslivet i landet skal straffast er og direkte skremmande. I 2015 hadde Austevoll ei verdiskaping som var 54% over snittet i landet. Kvifor skal norske sjøfolk, måtta lida og leva i uvisse nok ein gong?
Sendt mengder av e-post til SP sentralt og i fylket, og har hatt timar med telefonsamtaler. Har møtt manglande handlekraft og arroganse. SP sviktar distrikta, langs heile kysten vår.
Eg kan ikkje være medlem i eit parti som ikkje står for eigen politikk. Forventar at SP endrar sitt syn på kysten, Austevoll, alle kystkommunar elles og at ein tar til seg at det er her verdiskapinga skjer.
To lyspunkt.
- Eg trøystar meg med at eg tok ferjesaka til NAF, då det ikkje var hjelp å få i SP, ved at eg sendte den inn som årsmøtesak, til årsmøtet 16. mars i år. Karsten Eriksen og eg fekk tala på årsmøtet. NAF sendte så oppmoding til fylket, slik at rutestrukturen kjem opp i fylket i 16.11.22. Det var KrF ved Trude Brosvik som fremja saka frå NAF i fylket. Veit og at Bjarte V Notnæs KRF i Austevoll har hatt mykje kontakt med henne. Ho bad om heilskapleg gjennomgang av ferjetilbodet, som syner ferjetilbodet, med opningstider, trafikkmengd og særlege tilhøve. Høgre ved Silja Eikeland, støtta problemstillinga og nemnde også at Austevoll stengde 22:35 ut av kommunen. Forslaget til Trude vart einstemmig vedtatt. Vonar derfor at møtet 16.11.22 bidrar til at me i Austevoll får eit tilbod styrt etter likebehandlingsprinsippet. Saka som vart sendt til NAF finn ein her: https://hufthamar.no/ferjer-og-samferdsle-for-austevoll/ Saka vart og omtala i lokalavisa: https://marsteinen.no/2022/04/samroystes-utval-for-ferjesak/
- At ferjene frå sommaren 2023 blir gratis, er sjølvsag også eit lyspunkt, her har SP bidratt til like transportkostnader, for innbyggjarar og næringsliv, uavhengig om ein er landfast eller ikkje.
For eigen del skal eg kjempa framover for likeverdig ferjetilbod, likeverdig prisstruktur for hurtigbåt, mot ekstra skatt for verdiskaping og for at den Norske sjømann framleis skal få arbeida på kysten vår og på verdshava. Til slutt, tusen hjarteleg takk for alle tilbakemeldingar, det gir energi til å fortsetta kampen for likeverdigheit og rettferd.
Tore Hufthammer
Hufthamar.no