Ei kvinne i 30-åra vart funnen med hovudskadar i Bjånesøyvegen natt til sundag. Politiet omtalar saka som stygg.
Ei kvinne i 30-åra vart funnen med hovudskadar i Bjånesøyvegen natt til sundag. Politiet omtalar saka som stygg.

Bjånesøyvegen i helga:

Skadd og medvitlaus kvinne funnen ved Bjånesøyvegen

Natt til sundag vart ei kvinne i 30-åra funnen med hovudskadar og medvitlaus ved Bjånesøyvegen. Politiet omtalar det som ei stygg sak.

BA opplyser om at ei kvinne vart funnen med skadar i hovudregionen klokka 02:41 natt til søndag. Kvinna i 30-åra vart funnen av tre forbipasserande på bakken ved Bjånesøyvegen opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund til BA. Det skal ha vore ein del blod krig kvinna.

Hellesund seier til Marsteinen at det er gjort tekniske og taktiske undersøkingar ved staden, og at det er utført vitneavhøyr, for å sjekka ut kvar den unge kvinna hadde opphalde seg.

– Dessutan kan det vera videoovervakingsopptak frå nærliggjande næringsbygg som me vil sjå på, opplyser Hellesund til til Marsteinen. Det er oppretta sak, og til BA omtalar han hendinga som stygg.

I fylgje Bergens Tidende skal det ha blitt gjort DNA-undersøkingar på staden. Sundag føremiddag var kvinna medviten, og politiet skal ha sendt patrulje for å avhøyra henne, opplyser BA.

Kvinna skal vera utskriven frå sjukehus og ho har avgjeven forklaring om hendingane i natt.

Endringslogg: Marsteinen siterte andre media om alderen til kvinna. Det viser seg at ho er i 30-åra, ikkje i 20-åra slik det framstod i saka. Korrigeringa vart gjort klokka 22:18 sundag 30.10.22