– Verdiveksten for norsk sjømateksport har vore imponerande i år, og i september passerte me 100-milliardargrensa. Historisk høge prisar er ei av forklaringane til at tredje kvartal gav den høgaste eksportverdien i historia for norsk sjømat, seier Christian Chramer, administrerande direktør i Noregs sjømatråd.
I tredje kvartal eksporterte Noreg sjømat for 39 milliardar kroner. Dette er den høgaste verdien i historia i eitt kvartal. Den gamle rekorden var frå fjerde kvartal i 2021 og lydde på 36,1 milliardar kroner.
– Norsk sjømat har behalde sin sterke globale posisjon både gjennom koronapandemien og den krevjande tida me er i no. Auka produksjonskostnader, utfordrande logistikk og ein skyhøg matvareinflasjon i våre viktigaste marknader har løfta sjømatprisane, men gjer samtidig at me går usikre tider i møte når kjøpekrafta blir svekt og marknadene er i rask endring, seier Chramer.
I kvartalet vart det eksportert 355.000 tonn laks til ein verdi av 28 milliardar kroner. Den står for 72 prosent av verdien, og i volum utgjorde den 49 prosent.
Samanlikna med same periode i fjor auka verdien med 6,5 milliardar kroner, eller 30 prosent. I volum, var auken 2 prosent. Dei viktigaste marknadene i tredje kvartal var Polen, Danmark og Frankrike.
– I EU-marknaden fell heimekonsumet av laks, men her tek restaurantane ein stadig større del, noko som kompenserer for nedgangen i daglegvarehandelen, seier Christian Chramer.
Kvitfisk og makrell kan også vise til ein sterk vekst. Eksportverdien for frosen torsk har aldri vore høgare i eit tredje kvartal.
Det same gjeld klippfisk, der dei viktigaste mottakarane var Portugal, Brasil, og Kongo-Brazzaville. Det vart eksportert 21.000 tonn klippfisk til ein verdi av 1,4 milliard kroner. Verdien auka med 26 prosent, medan volumet sokk med 6 prosent.
Så langt i år har likevel tørrfisk hatt ei svak utvikling, og i volum går det ned også for både ferske og frosne filetprodukt.
September var isolert sett ein rekordmånad, med ein eksportverdi for sjømat på 15,1 milliardar kroner. Dette utgjer ein auke på 27 prosent frå september i fjor. Den førre rekorden for ein enkeltmånad var mars i år, med 12,5 milliardar kroner.