Påtaleansvarleg Natalie Christensen i Vest politidistrikt seier at Politiet enno ikkje er sikre på kva som skjedde før kvinna i 30-åra vart funnen medvitslaus og med hovudskadar ved 02:40-tida natt til sundag.
– Det er uavklart om det er snakk om ei ulukke eller om det har skjedd noko straffbart. Politiet går breitt ut i etterforskinga, seier Christensen. Ho stadfestar at dei har gjennomført forhøyr av den skadde kvinna, utan at dei er komne nærare ein konklusjon.
– Me ynskjer at publikum som kan ha observert noko i området rundt Prestanesvegen til Bjånesøyvegen i tidsrommet før 02:40 natt til sundag tek kontakt med oss på telefon 02800, poengterer påtalejuristen.