Illustrasjonsteikning: Ein varslar frå Vest politidistrikt har levert varsel om samfunnstryggleiken i Austevoll. Teikning: May Linn Clement.
Illustrasjonsteikning: Ein varslar frå Vest politidistrikt har levert varsel om samfunnstryggleiken i Austevoll. Teikning: May Linn Clement.

Politivarsel i Austevoll:

Sterkt uroa for samfunnstryggleiken

Ein politibetjent i Austevoll skal ved gjentekne høve ikkje svart på tenestetelefonen sin når han er på vakt. Det har ført til ei varslingssak, som no ligg på politisjefane sine bord. Politiinspektør Jan Ludvik Fosse avviser at austevollingane har noko uroa seg for.

Den offisielle varslaren i Politiet nyttar seg av naudretten når han sender inn varsling, og har teke kontakt med lokalavisa. Politidirektoratet har motteke varselet, og har stadfesta dette til varslaren i brev datert 15. september i år.

– Det dreiar seg om liv og helse, og situasjonen er pågåande, poengterer politivarslaren til Marsteinen. Bak desse orda dirrar uroa for tryggleiken til dei drygt 5 300 innbyggjarane og tilreisande menneske i fritidsbustadar: Normalt i ein turnus er det to polititenestemenn på vakt i Austevoll, og varslaren peikar på at ein av dei tilsette på vakt ved fleire tilfelle ikkje har svara på tenestetelefonen sin. Eitt av dei konkrete døma i varselet er knytt i MC-ulukka ved Barmen i fjor, der ein ung førar låg alvorleg skadd ute i terrenget.

– Trippelalarmen gjekk, og operasjonssentralen 112 fekk ikkje tak i betjenten. Det tok 22 minutt før kontakten vart oppretta, seier varslaren. I mellomtida skal den lokale politistasjonssjefen som var på fri ha forsøkt å få kontakt med alle tilsette ved stasjonen, som normalt er bortreiste når dei ikkje er på vakt. Til alt hell var ein heime og kunne bli beordra ut, samstundes som personell frå Fastlandet vart sendt ut.

Varslaren hevdar at denne hendinga ikkje fekk personalmessige resultat, og at politibetjenten ved fleire tilfelle seinare har halde fram med å ikkje svara på tenestetelefonen sin. Det er skrive avviksmeldingar ved ei rekkje tilhøve. Dei som skal på vakt med vedkommande skal ha vore nervøse for det.

– Likevel er det ikkje skrive så mykje som ei einaste skriftleg åtvaring, hevdar varslaren.

Nedfrosen tenestebil

Organisasjonsmessig ligg dei lokale tenestene under Bjørnefjorden og Austevoll politidistrikt. På øyane våre, der det under normale omstende vil ta mellom ein til to timar før lokalpolitiet kan rekna med forsterkingar frå fastlandet, skal det vera to betjentar på vakt.  Dei to skal vera innsatspersonell med såkalla IP4-godkjenning. Begge skal altså kunna rykka ut til væpna oppdrag, og treng åtte godkjente skyteøvingar og ei PLIVO-øving i året for denne godkjenninga. PLIVO står for pågåande, livstruande vald og det er utforma prosedyrar i samarbeid mellom politiet, brann- og redningstenesta og helsetenesta, og skal danna grunnlag for ein betra nasjonal beredskap for å handtera hendingar er det vert utøvd livstruande vald mot fleire personar.

– Når det berre er to på vakt og den eine ikkje svarar på tenestetelefonen sin, er dette ekstremt alvorleg, understrekar varslaren. Støtteoppdrag til helsetenestene knytt til psykiatri som skjer relativt ofte lokalt, er berre ein del av kvardagen der minuttane tel i utrykkingane.

Dei siste åra har politiet veksla på å vera væpna til ei kvar tid, eller ha såkalla framskutt lagring. Ved det siste alternativet skal våpenet vera lagra nedlåst i tenestebilen.

– Ved eit tilfelle då den aktuelle betjenten skulle ha hatt vakt, stod politibilen nedfrosen utanfor lensmannskontoret, seier politivarslaren. Dette var i samband med ein offentleg heilagdag, og dersom alarmen hadde gått måtte altså politimannen det er snakk om komma seg frå bustaden sin, køyra til politistasjonen, kle seg opp, væpna seg og gjera bilen klar.

 – Kva om han måtte køyra gjennom ein stad der det var slåssing eller våpenbruk på veg til politistasjonen? spør varslaren. Dette forholdet ligg ein periode attende.

Uskikka til teneste?

Politivarslaren poengterer at han over lengre tid har forsøkt å fylgja tenesteveg, og har sendt inn avvik der han har funne grunn til det. Når varsling har vorte naudsynt, er det eit resultat av at dei normale tenestevegane ikkje har ført fram.

– Betjenten er ikkje skikka til å ha IP4-godkjenninga si, og bør straks bli fråteken nøkkelen til våpenskåpet på politistasjonen, hevdar varslaren, som for tida har rømt frå Austevoll og bede om besøksforbod mot politibetjenten han har varsla om.

– Kor er min eigen rettssikkerheit oppe i varslinga? Det er no gått nesten 30 døger sidan eg bad om besøksforbod, og normalt er det noko som vert effektuert i løpet av eit halvt døger til to dagar, seier politivarslaren til Marsteinen.

Marsteinen har vore i kontakt med vedkommande som er nemnd i varselet. Han ynskjer ikkje å uttala seg i pressa, og viser vidare til lokallagsleiar Ørjan Hjortland i Politiets fellesforbund.

– Eg ynskjer ikkje uttala meg i denne saka, men rår til at ho ikkje vert skriven om no, seier Hjortland til Marsteinen.

Sjølv meiner varslaren at varslarsaka er komen ut av kontroll.

– Eg legg alt ansvaret for dette på toppleiinga Vest politidistrikt, sidan saka no er komme heilt ut av kontroll, og ikkje er handtert på ein forsvarleg måte.

– Ikkje grunn for uro

Jan Ludvik Fosse, som er politiinspektør og leiar for geografisk driftseining Hordaland, svarar skriftleg til lokalavisa om varslingssaka. Han peikar på at hendingane i varsla skriv seg attende i tid og er handtert av den lokale politistasjonssjefen.

– Det er ikkje slik at ein skal vera uroa for vakt og beredskap på Austevoll, skriv politiinspektøren til Marsteinen.

Fosse er òg den som har ansvaret for å handtera varselet.

– Eg vil som ansvarleg for handteringa av saka avvisa at saka har kome ut av kontroll. Politiet har rutine for varsling av kritikkverdige forhold i politi- og lensmannsetaten, som vert fylgd opp frå arbeidsgjevarhald også i denne saka, held han fram.

Politiinspektør Fosse skriv òg at ein varslar alltid vil ha varslarvern og vil få tilbod om både kollegastøtte, personalomsorg frå leiar eller ein som ein sjølv har tillit til. I tillegg vil ein få tilbod om helsehjelp om ein treng dette.

– Korleis svarar De opp avviksmeldingar som er knytt til oppdrag som kan gjelda liv og helse?

– Politiet har eit system for avviksmeldingar som alle tilsette har tilgang til. Alle avvik som vert melde blir følgde opp, og dei som melder avvik får attendemelding om handteringa, skriv Fosse.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt svarar via kommunikasjonsdirektør Arne Lutro dette om ansvaret om varslaren adresserer til politileiinga:

– Eg har snakka med politimeisteren som var merksam på e-posten du sende i går. Han bad meg gje tilbakemelding om at han ikkje ynskjer å kommentera saka med referanse til dei dialogar som har vore med avisa Marsteinen den siste tida, skriv Lutro.

Endringslogg: Klokka 11:55 20/9/22: AMK-sentalen oppdatert med operasjonssentralen 112.