Politivarslaren i Austevoll blir omplassert til geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygaren. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.com/MariusLtu.
Politivarslaren i Austevoll blir omplassert til geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygaren. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.com/MariusLtu.

Politivarslaren blir omplassert

Varslaren som i førre veke gjekk ut i Marsteinen og fortalde om uroa si knytt til samfunnstryggleiken i Austevoll, blir omplassert. Advokat Arvid Sjødin lovar å fylgja opp saka for klienten sin.

Tysdag denne veka fekk varslaren i Austevoll-politiet melding om at han blir gjeve ordensstraff og omplassert til geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygaren. Advokaten til polititenestemannen, Arvid Sjødin, skriv kort i ein e-post til lokalavisa at saka ikkje vert lagt død.

– Det det ut frå fleire saker at det følast som det er ei oppfatting av at leiinga viser unnfallenheit i varslingssaker. Når dette blir reagert på så snur leiinga seg mot varslaren. Dette skaper konflikt og er noko som det bør sjekkast opp i. Saka er ikkje over frå vår side, skriv Sjødin.

I skriv frå tilsettingsrådet i Vest politidistrikt går det fram at omplasseringa ikkje skjer på grunn av varslinga, som vert ivareteke i eit eige spor av politiinspektør Fosse, men grunna trakassering at leiarar og kollegaar ved tenestestaden, tenesteeininga og GDE Hordaland. Ordbruken det vert referert til er særleg brukt i e-postar, distribuert til mange tilsette i etaten.

Her kan du lesa om varslarsaka i Austevoll.