Manager ved Amesto sin avdeling Seafood, Anna Troland Bjånesøy og regionsdirektør i Amesto AccountHouse Vest, Maria Wåge Nygård ser fram til å byggja ekspertise på sjømatindustri-rekneskap ved kontoret på Hundvåkøy.
Manager ved Amesto sin avdeling Seafood, Anna Troland Bjånesøy og regionsdirektør i Amesto AccountHouse Vest, Maria Wåge Nygård ser fram til å byggja ekspertise på sjømatindustri-rekneskap ved kontoret på Hundvåkøy.

Kalkulerer sjømatbrand i Austevoll

Rekneskapsverksemda Amesto Accounthouse har oppretta avdelingskontoret Seafood med base Austevollshella. Satsinga vert spisskompetanse retta mot sjømatindustrien.

Regionsdirektør i Amesto AccountHouse, avdeling Vest, Maria Wåge Nygård meiner Amesto som er ei familiedriven verksemd, passar svermen i Austevoll, der mange av verksemdene er familiedrevne.

– Amesto driv med hovud og hjarte og er oppriktig oppteken av å investera og utvikla. Det høyrer med til historia at Amesto i fjor vart kåra til tredje mest innovative verksemda av innovasjonsmagasinet «Innomag». I Amesto baserer me råd og løysingar på innsikt, og trur at kombinasjonen teknologi og mennesker kan forbetra lønsemda, seier Maria.

Fag- og bransjeorientert kompetanse vert stadig viktigare i rekneskapsbransjen. Amesto AccountHouse byggjer difor eit miljø med spesialkompetanse for sjømatnæringa på kontoret i Austevoll – og i Bergen, informerer Nygård.

Bransjekunnskap til beinmargen

Seafood-avdelinga er ei konkret satsing mot sjømatbransjen. I satsinga sit leiar Anna Troland Bjånesøy som er oppvaksen på merdkanten i Austevoll.

– Eg har òg vore med på med sjarkfiske om sommaren, og har ein naturleg brennande interesse for bransjen. Tidleg fann eg ut at eg var interessert i tal, og valde utdanninga bachelor frå BI. Eg har sidan stort sett arbeidd med kundar innan fiskeri og oppdrett, og er overtydd om at erfaring og interesse for fag og bransje utgjer ein forskjell.

– Med utgangspunkt i utviklinga og lidenskap for bransjen, tykkjer eg det er kult å få lov til å satsa mot denne bransjen som me interesserer oss for, med Amesto i ryggen, seier manageren ved avdelingskontoret Seafood.

Samdrift

Sjømatnæringa er brei og Amesto legg hovudvekt på oppdrettsnæring, leverandørar og kystfiskebåtar.

– Me oversetter tala til kundane sitt språk og forstår samstundes deira språk. Me sit med passion for bransjen og er oppriktig interessert i å gjera kundane sin kvardag enklare. Amesto held seg oppdatert på kva som skjer i bransjen, utvikling, retningsliner, kva som rører seg og utfordringar, meiner Anna.

Ho fortel at det har det skjedd ei endring i å driva oppdrett, spesielt for små- og mellomstore oppdrettarar.

– Dei siste åra har drifta vore på ein annan måte enn før, mykje grunna retningsliner og rammevilkår, seier Bjånesøy og nemner samdrift og samlokalisering.

– Før sette ein fisk i sjø på ein lokalitet, og var slakteklar på same lokaliteten. Idag er lokalitetsstrukturen annleis og det er strengare retningsliner.

Økonomihuset ser at det går meir mot samlokalisering, og samdriftsform om produksjonen.

– Det er der me kjem inn og har ein stor styrke ved kompetansen. Me rådgjev økonomisk om samdrift, det er ikkje eit rett-fram-rekneskap, og kan bidra til innsikten knytt til den tekniske biten, held ho fram og utdjuper.

–  Om to oppdrettarar set ut fisk ilag på same lokalitet, og eig dei ein halvpart kvar, er det ein driftsform kalla samdrift. Samstundes har dei kvar sin konsesjon, det vil seia at kostnadane skal fordelast i rekneskapen. Det er der me kjem inn og tek eit samrekneskap, og det er det som gjer at det tekniske blir annleis. Partane får ei god oversikt på kva som faktisk skjer, og me har ein solid kunnskapsbank innan faget som me har lyst til å byggja vidare på, fortel manageren.

– Det er store synergieffektar ved å kunna språket og reglane er i stadig endring. For familieeigde oppdrettsselskap er det store no verdsetting av akvakulturløyve, konstaterer Amesto-duoen som møter engasjerte kundar som vernar om sine interesser.

Økonomihuset oppretta eit avdelingskontor i Austevoll i 2019, men det er fyrst det siste året dei har starta friskt på sjømatnæringen.

– Me har hatt mange kundar innan bransjen i mange år. Me byggjer vidare på kunnskapsbanken me allereie har, med spesialisering mot sjømatbransjen, fortel Anna som no er i ferd med å tilsetja enda fleire personar med spisskompetansen sjømatindustri og rekneskap.

Amesto AccountHouse – avdeling Seafood

Økonomihus med tenester innan rekneskap, løn, HR og bærekraftsrapportering.

Spisskompetanse innan oppdrettsnæringa, servicenæringa innan oppdrett og kystfiskebåtar.

Kontor: Austevollshella

Leiar Amesto Seafood: Anna Troland Bjånesøy

Underavdeling til Amesto AccountHouse, oppretta i 2004. Amesto AccountHouse har 280 medarbeidarar i Noreg, Sverige og Danmark, med hovudkontor i Oslo.

Eigd av Spabogruppen som er eit familiedrive konsern.