Svein Midtbø (med skuggehue) er ein av skiparane av Austevoll bridgeklubb, her spelar han med Ingrid Møgster som makker. Motstandarar er Ole Årland og Bjørn Magne Hufthammer.
Svein Midtbø (med skuggehue) er ein av skiparane av Austevoll bridgeklubb, her spelar han med Ingrid Møgster som makker. Motstandarar er Ole Årland og Bjørn Magne Hufthammer.

Då fordomane kom til kort

Er ikkje brigde berre noko som godt vaksne, kaffidrikkande damer driv med? Er ikkje dette eit spel du må vera proppa med kunnskap for å driva med?  Jovisst drikk dei kaffi, men det er vel den einaste av fordommane mine som held stikk.

Bridgens dag er eit nasjonalt arrangement, der dei ulike lokallaga i Norsk Bridgeforbund heldt ulike tilstellingar rundt om i landet. Austevoll brigdeklubb inviterte til gratis kaffi, vaflar, is, brus og introduksjon til dette kortspelet, som for meg har vore sett på som litt mystisk og komplisert. Nokre vil seia dei var uheldige med vêret, sidan det var 20 grader, sol og heilt vindstille. Det let ikkje klubben seg stogga av. Dei flytta arrangementet utandørs og kunne skryta av at det ikkje er ofte ein kan spela bridge utandørs. Der rauk altså fordom nummer éin. Bridge er ikkje berre noko som går føre seg i mørke rom etter ein betre middag.

Sidsel Stene tek lidenskapen litt lengre enn dei fleste, ho har fått dei fire essa tatovert på leggen.

Kva er bridge?

Leiaren i klubben, Rune Fagerbakke, trekkjer det eine og andre poenget fram frå ermet når han omtalar det som gøymer seg bak hjarte, ruter, kløver og spar.

– Bridge er eit spel for folk i alle aldrar. Ein spelar med fire personar rundt eit bord. To og to spelar då samen, forklarar han.

– Om du kjenner kortspelet amerikanar, finn du nok nokre fellestrekk mellom det og bridge. Spelet er både utfordrande og spanande, og det er god mosjon for hjernen. Brigde er dessutan noko du kan halda på med heile året, kor som helst: Alt du treng er fire personar og ein kortstokk. Bridge kan ein halda på med heile livet, og me har ingen reservebenk.

Når ein spelar bridge lyt ein altså ha ein «makker», eller partner. Somme har fast makker, medan andre rullerer. Særlege entusiastar brukar feriar og helger til å reisa land og strand rundt for å spela bridge. Dei set seg i bubilen og reiser på festivalar og turneringar, eller berre stansar når dei finn ein lokal klubb som har spelekveld. Mange knyter venskap som strekkjer seg langt utanfor spelebordet, og om det finst ein kortstokk i nærleiken så kan ein jo alltid ta eit slag.

– Bridge er ein fin måte å halda kontakt med kjende, og verta kjend med nye spelarar, meiner Rune medan han heller meir vaffelrøre på jarnet.

– Vil du ha ein kopp bridgekaffi? spør han og serverer ein kopp rykande fersk svart drikke attmed vaffelen.

Oskar Fagerbakke er Austevoll sitt håp i Norgesmeisterskapen for juniorar. Pappa Rune Fagerbakke er makkeren hans når dei spelar mot Laila Årland og Sidsel Stene

Alder … inga hindring

Kor gamal du er, er underordna i bridge. Om du reiser på ei turnering kan du spela mot både folk i sju-års alderen til menneske godt opp i åra. Nokre finn jamvel kjærleiken gjennom bridgen. Mange er trufaste med den faste partneren sin. Og sp har du konstellasjonar som far og son, som til dømes Rune og sonen Oskar. Dei ynskjer seg likevel fleire ungdommar i klubben, slik at Oskar kan spela med ein jamgammal makker.

– Eg trur alle klubbar ynskjer seg både fleire og yngre medlemmar, seier Rune og legg til.

– Det er vel ikkje berre i bridge me slit med rekrutteringa, men me vil særs gjerne få ned snittalderen litt. Ein treng ei kortstokk og kunna telja til tretten, nokon å spela med. Etter kvart kan ein ta kurs i spelet. Det finst både på nettet og klubben heldt også introduksjonskurs i spelet.

Så der rauk altså fordom nummer to, kortspelet er ikkje berre for godt vaksne folk.

Trening og konkurranse

Om du er av dei som likar å konkurrer, finst det mykje å ta tak i innan bridge. Berre i eit vanleg spel, kan du konkurrera både mot deg sjølv og motstandarane.

– Som i alle spel lyt du trena om du skal verta skikkeleg god. Du kan lesa teori, og kvar gong ein spelar vert jo som ei trening, seier Rune medan han set seg til rette på plassen sin rundt spelebordet.

Oskar Fagerbakke skal spela NM for juniorar, saman med Markus Hansen Moe frå Helgeland juniorbridgeklubb. Det vert trening og planlegging fram til meisterskapen, og det går føre seg både fysisk og via internett. Meisterskapen finn stad i oktober, så det vert tid til å leggja seg i hardtrening fram til dess.

Nett det å kunne spela «online» gjer store moglegheiter. Fleire av spelarane denne dagen snakkar varmt om både nettsider og appar som dei brukar både på datamaskin og på mobiltelefon. Det gjev ein høve til å spela nærast kor ein er, og om ein har ei ledig stund.

– Om du vert riktig god finst det òg dei som spelar bridge profesjonelt, men då skal du trena mykje og ha ein god del talent for spelet, seier Rune.

Blant kjende nordmenn som spelar bridge finn ein Simen Agdestein, Martin Andresen og Christian Vennerød, så nei, det er ikkje berre godt vaksne damer som spelar bridge.

Og eg lyt innrømme at der rauk endå nokre fordommar. Dette kan vera idrett på høgt nivå, og det er slett ikkje gammaldags, men i høgste grad eit spel som fyljer med i tida.

Kona til Rune, og mor til Oskar, Anke Fagerbakke spelar ikkje bridge sjølv, men fekk svinga seg som vaffelsteikjar på Bridgens dag.

Jubileum?

– Kva år vart no eigentleg denne klubben starta?

Rune ser på dei andre, og vonar at nokon hugsar det.

– Det var i 1974, svarar Svein Midtøy, som var ein av skiparane. Han er framleis aktiv i klubben. Når han ikkje spelar sjølv, kjem han med gode råd til dei andre. Han har trass alt erfaringa i orden.

– Då har me altså 50-årsjubileum om to år.

Om du er litt nysgjerrig på dette spelet, så er det mange moglegheiter. Austevoll bridgeklubb har eiga side på Facebook der ein kan ta kontakt, og kvar måndag har dei spelekveld på Frivilligsentralen.

 – Eg vil likevel tilrå at du tek eit introduksjonskurs om du vil spela bridge, fastslår Rune Fagerbakke, og held fram ein plakat der det vert invitert til introduksjonskurs. Kurset varar eit par timar, og krev ingen forkunnskapar, så kan ein fylgja opp dette med eit online-kurs som startar allereie dagen etter.

– Så då sjåast me vel der, då?, smiler Rune når eg slengjer meg på sykjelen for å venda heim att.

Ja, kanskje me gjer det, for interessa mi vart vekt denne dagen, og det var ikkje berre vaflane og kaffien som lokka. Spelet i seg sjølv verkar spanande, og spelarane hadde det både kjekt og sosialt i lag. Kanskje kunne dette vert noko for fleire? Kanskje me sjåast rundt spelebordet?

Det var servert både vaflar, is, brus og ei heilt eiga bridge-kaffi