Professor Birger Pedersen forklarar dei unike kvalitetane ved Røyrvikeskaget til Unescos representant Melanie Border. Bak er doktorgradsstipendiat Håvard Stubseid og professor John Inge Svendsen.
Professor Birger Pedersen forklarar dei unike kvalitetane ved Røyrvikeskaget til Unescos representant Melanie Border. Bak er doktorgradsstipendiat Håvard Stubseid og professor John Inge Svendsen.

Med Unesco på Møkster:

Eit steg nærare Unesco-status?

Godt vaksne menn vert som barn i godteributikken når dei får visa fram Møkster-geologien til Unesco-representarar. Så spørs det om godbitane fell i smak hos Sarah Gately og Melanie Border frå nettverket av geoparkar.

Sunnhordland sin søknad om å få geopark-status er oppe til vurdering. Omgjevne av geologar, ein arkeolog og Brynjar Stautland frå stiftinga Geopark Sunnhordland, er det britane Sarah Gately og Melanie Border som skal skriva rapport og bedømma om området vårt kjem gjennom nålauga.

– Me ser ikkje berre på geologien i seg sjølv. Den må i utgangspunktet vera av internasjonal interesse, men det kjem òg an på korleis områda forvaltar dette grunnlaget for å fortelja om korleis dette var med på å setja preg på alt, til mat og drikke som er interessant for eit breiare publikum: Å gjera kunnskapen om geologien og samanhengane han la grunnlag for enklare å forstå for publikum, seier Border til Marsteinen.

Sarah Gately frå Unescos geopark-nettverk har tett program i Sunnhordland.

Spektakulært

Ute på Røyrvikeskaget på Møkster, boblar i alle høve gamle geologar over av entusiasme når dei viser korleis magmaen har skote opp av mantelen for om lag 470 millionar år sidan, medan kvartsitten som omgjev han er blitt utsett for kjemisk nedbryting av syrleg regn.

– På berre 1000 år har denne redbrytinga funne stad: Før det var det glatt berg, seier nestor og professor John Inge Svendsen ved Universitet i Bergen og gestikulerer. Resultatet er noko som liknar på ei ryggsøyle med granitt som har skote seg gjennom berget av kvartsitt og marmor, medan resten av berget er tæra ned på.

– Havet er basisk, og på holmen der nede, ser du at berget enno er glatt, seier professoren. Nedbrytinga på 30 centimeter har gått uvanleg raskt.

Doktorgradstipendiat Håvard Stubseid og professor i geovitskap Birger Pedersen ved universitetet stadfestar Møkster si betydning akademisk.

– Me tek årleg studentar ut hit. I år har me teke til saman 60 studentar, frå både bachelor og høgare gradar, ut hit: Både for å forklara kreftene som har verka inn då magmakammeret eksploderte og braut opp hardt fjell , og for å identifisera ulike bergartar, seier duoen.

– Slike prosessar skjer den dag i dag andre stadar, poengterer Pedersen.

Seinare på dagen står mellom anna Hespriholmen vest av Bømlo og dei gamle gullgruvene på Løkling å programmet. Seinare står ei rekkje andre lokalitetar på programmet, mellom dei kisgruvene på Litlabø og Bondhusdalen. Opplegget varar til og onsdag.

Les reportasje frå Marsteinen-arkivet om Sunnhordlands kanskje flottaste sundagstur.