Dei som fiskar etter leppefisk kan bli kontrollerte. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Dei som fiskar etter leppefisk kan bli kontrollerte. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

Varslar fleire kontrollar av fisket etter leppefisk

Fiskeridirektoratet startar no ein offensiv for kontroll av fisket etter leppefisk.

Sør for 62-graden startar fisket etter leppefisk 12. juli. Nord for 62-graden startar fisket to veker seinare, den 26. juli, skriv Fiskeribladet.

– Dette er eit fiske med mange aktørar og ein god del utfordringar, seier Roger Aasarmoen i Fiskeridirektoratet region Vest til Fiskeribladet.

Dei forventar høg aktivitet i år og skal driva offensiv kontroll på leppefisket.

– Me skal følgja med og sjå at levering blir gjort ordentleg og etter regelverket. Me skal kontrollera heile fiskeriet frå a til å. Det er eit omfattande regelverk, seier Aasarmoen til Fiskeribladet.

Kontrollaktiviteten blir intensivert i veke 28, 29 og 30.

Fiskeridirektoratet minner om at minstemålet for berggylte for kommande sesong er endra frå 14 centimeter til 22 centimeter.