Skjermdump som viser lynnedslag i og kring Austevoll like før klokka 12 onsdag.
Skjermdump som viser lynnedslag i og kring Austevoll like før klokka 12 onsdag.

Torevêret rullar inn over Austevoll

Det er mange lynnedslag i og kring Austevoll så langt onsdag. Meteorologane tilrår å nappa ut stikkontaktar i elektriske apparat og unngå opne område når du er ute.

Vervarslarane oppmodar folk om å halda deg oppdatert om utviklinga av vêret og varslinga.

– Følg med på vêrradar eller lyn.met.no. Kobla fra elektriske apparat. Tilpass farten etter køyretilhøva. Søk ly. Unngå opne sletter og store tre. Ikke sym eller bad, heiter det p det gule farevarselet på yr.no.

– Tordenvêret kan føra med seg lokalt kraftige vindkast. Fare for skade på objekt som følge av lynnedslag. Strømforsyninga og tv/internett kan bli påvirka. Lynnedslag kan føra til brann i bygningar og skog/vegetasjon, heiter det vidare.

Hos Austevoll kraft melder Hege Lauvik om at det ikkje er store feil på nettet så langt, men at PO-senteret skal mangla elektrisitet, og at dei difor har montør på veg for å sjekka kva feilen er.

– Så langt har det berre vore igjen-innkoplingar etter nedslaga, altså straumen er borte ein augneblink for så å komma attende straks etterpå, skriv Lauvik i ein SMS til Marsteinen.