Sondre Østervold og Tore Fagerbakke set full steam framover med City Sauna i Bergen. I bakgrunnen dagens assistent, Sebastian (6).
Sondre Østervold og Tore Fagerbakke set full steam framover med City Sauna i Bergen. I bakgrunnen dagens assistent, Sebastian (6).

City Sauna Bergen:

Satsar på badestove på kjøl

Tormod Fagerbakke og Sondre Østervold fann tonen i ei badestove. Eitt år seinare har dei kasta loss og driv flytande sauna – i Bergen hamn.

Ved ein kai ved Laksevåg duvar ein underleg farkost. Han ser ut som ei blanding av husbåt og bryggje. Og viktigast av alt, frå ein liten skorstein siv det ut røyk. Knusktørr furu, reknar eg med der eg nærast super i meg den søte dufta. Ei lukt som minner om kalde haust- og vinterdagar i oppveksten. Før varmepumpa si tid. Døra på kahytta står på glytt, og eit par sko på matta utanfor indikerer at Tore Fagerbakke er på jobb.

– Eg har sove om bord, la meg rett og slett ned i badstova. Eg fyrte opp og sovna frå det heile, så var det sikkert 40 grader då eg vakna opp igjen, flirer den gamle sjøulken. Han er blitt pensjonist, og har kasta seg med på eventyret til sonen Tormod (29) og kompisen Sondre Østervold (33). Dei eig like delar i selskapet, medan Tore har spytta inn litt meir kapital enn dei to unge karane.

– No er eg med når det er trong for meg, seier 69-åringen. No som sonen er oppteken i Nordsjøen på eit av DOF sine skip, er han både skipper og vert for gruppene kastar seg i sveittebada om bord.

Fann tonen i sauna

Sondre Østervold er dagleg leiar for City Sauna Bergen. Han brukar all tida si på selskapet, og sa opp jobben som skipsførar i eit austevollsk selskap for å satsa på den flytande saunaen.

– Tormod og eg fann tonen i sauna, samstundes kjende eg Tore frå før, då eg arbeidde som stuert på «Mokstein» for eit par år sidan, seier Østervold. Sjølv har han drive mellom anna som VIP-sjåfør under festspela, til seglbåtskipper- og guide med utgangspunkt i Tromsø før han i vår har kasta seg inn i kampen om saunagjestar.

– I dag har me to grupper som har booka seg inn. Me tilbyr både cruise og sauna ved kai, seier Sondre og forklarar korleis dei har sett prisane. Vil du ha cruiset, kostar det sjølvsagt noko meir og inngangsprisen er uansett for ei gruppe på seks personar, med eit tillegg for kvar passasjar inntil tolv.

Tore fortel at eit cruise tek om lag to timar. Då kastar dei loss og siglar i sakte fart mot Nordnes sjøbad, der mange av badstovegjestane vel å ta seg ein dukkert, deretter sig dei sakte mot den gamle sjøflyhamna i Sandviken før dei dreg langs sjøfronten inn forbi Bryggen.

I den indre hamna har dei ikkje løyve til å senda gjestane for å bada, men det er likevel noko med å sjå byen frå det store vindauga inne i saunaen.

– Me hadde ei booking seint om kvelden, og kom inn i Vågen rundt midnatt. Gjestane fekk sjå byen og fjellsida med alle lysa frå sjøen. Det var nesten magisk, smiler Tore, som sjølv ikkje var nokon garva saunagjengar før han mønstra på den svensk-bygde badstove-båten.

Heilårsdrift

I oppstartsfasa har dei driftige austevollingane satsa mest på digital marknadsføring. Sondre har henta inn ekspertise hos svogeren Julian, og pensa seg inn på dei nord-amerikanske turistane.

– Mellom anna var det eit reisefylge som booka seg inn, etter at ektemannen til ein av gjestane hadde funne oss frå kontoret sitt i New York City. Eg likar amerikanarane. Dei er direkte i attendemeldingane sine, som er godt å ta med seg no i oppstarten, seier han.

– Ja, det var òg nokre av dei som nytta oss den siste kvelden sin i Bergen, og gav oss klar feedback om at turen med oss var høgdepunktet under besøket, smiler duoen samstemte.

Mellom kvart besøk, er legg selskapet inn ein pause på ein time. Då skal det vaskast og gjerast retteleg reint.

– Det går mykje grønsåpe og ved. Den siste er frå Vinnes. Eg sikra meg leveranse då eg støytte på Sverre Vinnes på ein tur rundt vatnet der, smiler Tore.

Trioen bak saunaen ser for seg konseptet som eit heilårstilbod. Rett nok treng dei kanskje å finna seg ein endå betre kaiplass i kalde årstida, sidan nordavinden kan gjera denne delen av Laksevåg nokså ufyseleg.

– Me har òg trua på at litt kaldt sommarvêr òg fører til at kundane strøymer på, konstaterer Sondre, medan sonen Sebastian på snart sju drøymer om å lura nokre av småfiskane som sym under kjølen på saunabåten opp i eit av dei originale fangstreiskapane han har utstyrt seg med.

– Me må hugsa å ta med håven neste gong, kan dagens unge styrmann oppmoda om.

Austevollingar og båt høyrer saman: No òg med sauna og badegjestar om bord. Foto: City Sauna Bergen/Tormod Fagerbakke.

Ulike preferansar

Nokre av gjestane om bord er ferske saunabrukarar, og er glade for ein tur på fjorden og moderate temperaturar. Det er ikkje alle som kastar seg ut i sjøen, heller.

– Den høgaste temperaturen me har hatt inne i badstova vår har vore over 100 grader. Det var tre unge kvinner frå forsvaret som hadde booka seg inn. Dei var nok meir garva sauna-brukarar, seier Tore, som ser attende på besøk ved varme kjelder i det andre heimlandet sitt, Chile. Der hadde dei tre kammer, der det varmaste låg på over kokepunktet for vatn i væskeform.

– Det var som ein vegg av varme, eg måtte berre rømma, seier sjøulken frå Fagerbakke. Og kom ikkje og seia at det ikkje finst ein plan B, om den nye businessen går dårleg.

– Nei, då legg me oss berre til kai heime i Fagerbakkevågen, set oss på taket og sprettar kvar vår øl, flirar Tore før han førebur deg på neste gruppe som kjem om nokre timar.