Illustrasjonsfoto: Erlend Aas / NTB / NPK
Illustrasjonsfoto: Erlend Aas / NTB / NPK

Nytt kart viser kvar flåtten er

Flåtten er å finna i nesten heile landet. Eit nytt kart hjelper deg å unngå det plagsame edderkoppdyret.

Som ein del av EU-prosjektet NorthTick har Flåttsenteret utvikla ei nettside der alle som vil kan rapportere inn observasjonar av flått i Noreg, skriv NRK.

Flåttkartet vart lansert 30. juni med mål om å få ein indikasjon på kvar i landet det er høg eller låg risiko for å bli biten.

– Det har tydeleg skjedd ei endring. Samanlikna med for nokre år sidan, så ser me at flåtten kjem seg både lengre nord og lengre opp i høgda, seier biolog Yvonne Kerlefsen ved Flåttsenteret, til NRK.

Det er særleg mange observasjonar langs kysten i Sør-Noreg. Langs Oslofjorden er dei blå prikkane som markerer flåttfunn, tett i tett på kartet. Det er dei også i området rundt Ålesund.

Kartet som no er lansert er ein fyrsteversjon. Flåttsenteret håpar å gå inn i kvart enkelt punkt på kartet og sortere på dato – slik at ein kan sjå kor mykje som blir rapportert inn i vintersesongen mellom anna.